Inntak for søkjarar med fortrinnsrett



Som hovudregel skjer inntaket til vidaregåande opplæring i skole etter poeng, sjå avsnittet Inntaksreglar og poengutrekning. Men nokre søkjargrupper kan ha fortrinnsrett til inntak. Fortrinnsretten kan gjelde alle trinn i vidaregåande skole.

Føresegnene om fortrinnsrett til inntak finst i kapittel 6 i forskrift til opplæringslova. Fristen for søknad om fortrinnsrett er 1. februar.

Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1

Har du eit omfattande behov for spesialundervisning og vanskar som gjer at du må følgje eit særskilt (bestemt) utdanningsprogram, har du fortrinnsrett til inntak på Vg1. Vanskane dine må vere av ein slik art at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for at du skal kunne fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Dersom det er sannsynleg at du kan fullføre tre ulike utdanningsprogram, har du ikkje fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram.

Ønsker du å søkje fortrinnsrett, må kommunen, innan 1. oktober og etter ditt samtykke, sende ei melding til fylkeskommunen om behova dine, slik at den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen kan gjere ei endeleg sakkunnig vurdering. I meldinga må kommunen leggje ved siste vedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for

  • vanskane som ligg til grunn for vedtaket om spesialundervisning og kvifor dei meiner du oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
  • tidlegare tiltak
  • kva vanskane dine vil ha å seie for vidaregåande opplæring

Når du søkjer sjølv, må du ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga.

Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Har du rett til spesialundervisning og har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan du søkje om fortrinnsrett dersom du har behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt lagt til rette. Det må liggje føre dokumentasjon som stadfester dei særlege behova dine.

Du har rett til inntak til Vg1 på eitt av tre valde utdanningsprogram, men fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at du bør takast inn til ein bestemt skole. Du har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.

Innan 1. oktober skal kommunen, etter ditt samtykke, melde frå til fylkeskommunen om at du har sterkt nedsett funksjonsevne.

Du kan også søkje om fortrinnsrett til inntak til Vg2 og Vg3 etter denne føresegna. Dette gjeld sjølv om du ikkje var teken inn til Vg1 med fortrinnsrett. Du har da rett til inntak på eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du tidlegare har fullført. Var du teken inn til Vg1 med fortrinnsrett, har du rett til å halde fram på den same skolen. Har du ikkje tidlegare nytta deg av fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne, har du ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.

Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk

Har du rett til opplæring i eller på teiknspråk, kan du søkje om fortrinnsrett til
  • inntak til Vg1 med bruk av tolk i ordinær vidaregåande skole
  • inntak til ein knutepunktskole
Sjå avsnittet Opplæring for høyrslehemma. I søknaden må du opplyse om kva du prioriterer høgast. I samband med søknaden din skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som blant anna gjer greie for og tek standpunkt til
  • det behovet du har for opplæring i og på teiknspråk
  • om behovet ditt blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller ved opplæring på ein ordinær skole med tolk
  • om du har tilleggsvanskar utover høyrslehemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning

Du har rett til inntak til eitt av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan plassere deg på ein skole som er tilrettelagt etter behova dine. Blir du teken inn til ein knutepunktskole, har du normalt rett til å fullføre opplæringsløpet ved denne skolen.

Blei du teken inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein knutepunktskole på Vg1, kan du søkje om å bli teken inn med fortrinnsrett til ordinær vidaregåande opplæring med tolk på eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du har avslutta. Fylkeskommunen kan da plassere deg på ein skole som er tilrettelagt.

Føresetnaden for inntak til Vg2 eller Vg3 er anten at du har bestått alle faga på det føregåande trinnet, eller at fylkeskommunen, etter ei heilskapleg vurdering, finn det forsvarleg at du ut frå dei faglege føresetnadene dine blir teken inn på neste trinn.

Fortrinnsrett for søkjarar med vedtak om utvida tid

Har du fått vedtak om utvida tid til opplæring og treng fleire år på Vg1, skal du takast inn til Vg1 på same utdanningsprogram etter ei individuell vurdering og før inntaket etter poeng.

Har du vedtak om utvida tid, skal du takast inn til eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programrådet du har avslutta. Du blir teken inn etter ei individuell vurdering før inntaket etter poeng. Du må anten ha bestått alle faga på det føregåande trinnet, eller fylkeskommunen må, etter ei heilskapleg vurdering, ha funne det forsvarleg at du ut frå dei faglege føresetnadene dine blir teken inn på neste trinn. Har du vedtak om utvida tid og treng fleire år på same trinn, har du også fortrinnsrett etter denne føresegna.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: