Høgare utdanning



Som hovudregel må du ha studiekompetanse for å bli vurdert for opptak ved høgskolar eller universitet. Grunnlaget for studiekompetanse er vanlegvis

  • at du har vitnemål om bestått treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse, eller
  • at du har fylt 23 år og har minst 5 års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-regelen)

I begge tilfella over må fellesfaga i norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og historie vere fullførte.

Unntak

  • Har du oppnådd studiekompetanse på grunnlag av vidaregåande opplæring eller anna ordning frå før Kunnskapsløftet, har du framleis studiekompetanse.
  • Det finst dessutan unntak frå kravet om studiekompetanse, mellom anna for visse studium, til dømes kunststudium, og for vaksne over 25 år med realkompetanse for eit bestemt fag eller studium (sjå forskrifta som er nemnd ovanfor).
  • Nokre høgskolar og universitet tilbyr «Y-vegen» for deg som har relevant yrkesfagleg utdanning med fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.

Forskrift om opptak til høgare utdanning gjeld for deg som søkjer høgare utdanning.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: