Høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse



Du kan søkje opptak til studium ved universitet og høgskolar basert på realkompetanse.

  • Er du 25 år eller meir, men ikkje kan dokumentere generell studiekompetanse, har du krav på å få vurdert om du er studiekvalifisert på grunnlag av realkompetanse.
  • Det er lærestaden sjølv som vurderer kva som er nødvendige kvalifikasjonar, og avgjer kva som er ein eigna og tenleg framgangsmåte for slike vurderingar..
  • Kvalifikasjonane dine skal vurderast i forhold til det faget du ønskjer å studere.
  • Sjølv om du får realkompetanse for å studere eitt fag, kan du ikkje krevje studiekompetanse for andre fag eller studium.

 På samordnaopptak.no kan du lese meir om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet