Hjelp til vigo.no og MinID
Alle må bruke elektronisk ID for å logge inn på vigo.no.
- Elevane kan velje mellom fire elektroniske ID-ar: MinID, BankID, Buypass og Commfides.
- På eid.difi.no får du hjelp og brukarstøtte til alle dei fire elektroniske ID-ane.
- Her på vilbli.no finn du berre informasjon om MinID.
Kva er MinID?
- MinID er ei tofaktorløysing, som tyder at ein må bruke to faktorar for å logge inn på ei teneste. Den eine faktoren er eit sjølvvalt passord. Den andre faktoren kan brukaren velje sjølv og er ein eingangskode ein får på SMS, eller godkjenning via den nye MinID-appen.
- Elevane må ha registrert MinID-brukar i god tid før søknadsfristen.
Kven treng MinID?
- Elevar som ikkje har til dømes BankID-app frå før, må ha MinID for å kunne søkje vidaregåande opplæring.
- Dei som har BankID-app fra før, kan bruke appen for å logge seg inn, og treng dermed ikkje bestille MinID.
Det er enkelt å bruke MinID!
- Gå til eid.difi.no/nb/minid.
- Her finn eleven informasjon og lenkje til bestilling av aktiveringsbrev.
- Sjølve bestillinga skjer ved å taste inn fødselsnummer (11 siffer).
- Aktiveringsbrev med kode blir sendt til den folkeregistrerte adressa.
Når eleven har fått aktiveringsbrevet, kan ein velje mellom to registreringsmetodar:
1. Appbrukar
Eleven lastar ned MinID-appen og registrerer seg ved å skanne QR-koden i brevet. Dette er den tilrådde metoden. Appen blir då også brukt som innloggingsfaktor ved dei neste påloggingane.
2. SMS-brukar
Eleven kan skanne QR-koden i brevet med mobilkamera eller gå til nettsida som er nemd i brevet, for å registrere seg. Eleven blir då ein SMS-brukar.
Begge metodane krev at du skriv inn fødselsnummer og lagar eit sjølvvalt passord.
På eid.difi.no finner du også meir informasjon om de to registreringsmetodane:
Brukestøtte for MinID og elektronisk ID
- telefon 800 30 300
- e-post brukerstotte@digdir.no
- nettsted eid.difi.no
Minn søkjarane om dette:
- Bestill aktiveringsbrev frå Digdir i god tid før søknadsfrist (det kan ta opptil 14 dagar avhengig av postgang).
- Aktiveringskoden i brevet er gyldig i 60 dagar frå bestilling. Pass på å registrere ein brukar i rimeleg tid etter at du har fått brevet.
- Logg inn på vigo.no og registrer deg med MinID.
- Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no også. Desse opplysningane blir ikkje overførte frå MinID til vigo.no.
- Du må bruke MinID i sommar for å svare på tilbod om plass/ventelisteplass på vigo.no og du kan bruke MinID for å søkje om stipend i Lånekassen.
Lenkjer til meir informasjon og materiell om MinID
- Brukarveiledning for innlogging og søknad på vigo.no.
- Artikkelen Registrer søknaden din på vigo.no
- Informasjonsfoldar til elevar og føresette på 10. trinn
- Presentasjon/PowerPoint til bruk på orienteringsmøte for elevar og føresette, spesielt side 29–30 og 32–33
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: