Hjelp den unge til sjølv å ta ansvar!
Som forelder er du ein viktig samtalepartnar og rettleiar for ungdommen når det gjeld val av utdanning og yrke. Du har kanskje kunnskapar frå eiga utdanning eller erfaringar frå arbeidslivet som du ønskjer å dele. Det er ingen som kjenner evnene, anlegga, eigenskapane og interessene til ungdommen din så godt som deg. Men du kan likevel ikkje ta valet for barnet ditt.
Slik kan du bli ein god rettleiar
For å kunne vere ein god rettleiar for eigne barn må du setje den unge i sentrum og lytte til kva tankar og ønske han eller ho har om utdanning og yrke. Her er nokre tips og råd til deg i rettleiarrolla:
- Lytt til kva tankar den unge har om sin egen situasjon, og vis respekt for synspunkta hans/hennar.
- Gje han eller henne tid til å utforske, tenkje over og vurdere ulike moglegheiter.
- Gje uttrykk for at du ser på den unge som ansvarleg og sjølvstendig.
- La eigne forventningar kome i bakgrunnen.
- Start samtalane tidleg, slik at valet langsamt kan modnast.
- Ikkje ver redd for å stille konfronterande spørsmål, men lytt til korleis den unge grunngjev valet sitt.
- La det endelege valet bli den unge sitt eige ansvar.
Å velje framtidig utdanning er eit viktig val. Mange elevar og foreldre opplever valet som vanskeleg – nesten skremmande. Då kan det vere ei trøyst å vite at dersom det første valet viser seg å vere eit feilval, går det an å velje på nytt.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet