Godkjenning av utdanning frå utlandet



Grunnskoleutdanning frå utlandet

Har du grunnskoleutdanning frå nordiske eller andre land, må du kontakte inntakskontoret i fylket du flyttar til for å få informasjon om søknadsfristar, inntaksreglar, innsending av dokumentasjon o.a.

Vidaregåande opplæring på Vg1 og/eller Vg2 i utlandet

Dersom du ønskjer å ta vidaregåande opplæring på Vg1- og/eller Vg2-nivå i utlandet i eit studieførebuande eller yrkesfagleg utdanningsprogram, for eksempel som utvekslingselev, vil du alltid ha rett til å ta vidaregåande opplæring på same nivå når du kjem tilbake til Noreg. Opplæring i utlandet endrar ikkje norsk opplæringsrett. Du kan òg søkje rektor ved skolen som du går eller skal begynne på, om å få godkjent enkeltfag frå utlandet som er beståtte. Dette gjeld berre fag frå utlandet som er likeverdige med eller meir omfattande enn i Noreg.

Du kan også søkje fylkeskommunen (eventuelt dagleg leiar ved ein privatskole) om å få heile opplæringsåret i utlandet godkjent som likeverdig med norsk utdanning og «hoppe over» tilsvarande nivå i Noreg når du kjem tilbake. Får du eit heilt opplæringsår frå utlandet godkjent, har du brukt retten til ein tilsvarande del av opplæringa i Noreg. Følgjande vilkår gjeld for å få opplæringsår frå utlandet godkjend:

  • Opplæringa må vare eit heilt skoleår og vere fulltidsopplæring.
  • Innhaldet i opplæringa må vere likeverdig med eller meir omfattande enn tilsvarande opplæring i Noreg, men det er ikkje krav om at opplæringa skal ha same fag- og timefordeling eller same kompetansemål som den norske.
  • Opplæringa må vere fullført og bestått, slik at du ville ha blitt flytt opp til neste trinn i det utanlandske skolesystemet.

Får du godkjent eit opplæringsår fra utlandet, blir du rekna som kvalifisert til å bli teken inn på neste trinn i Noreg, på Vg2 eller Vg3. Men ver merksam på at eit godkjent opplæringsår ikke betyr at alle faga som inngår i det aktuelle opplæringsåret i Noreg, er godkjende. Du kan derfor måtte ta fag frå Vg1 og/eller Vg2 som elev eller privatist etter at du har komme tilbake. Dette gjeld spesielt fellesfag der det blir sett standpunktkarakterar på Vg1 eller Vg2. For å få vitnemål eller fag-/sveinebrev må krava til fag- og timesamansetjinga alltid vere oppfylte.

Er du elev i eit studieførebuande utdanningsprogram og har fått opplæring i eit framandspråk i utlandet, kan dette berre bli godkjent dersom det er eit av språka som det i Noreg blir arrangert sentralt gitt eksamen i. Kva for språk dette gjeld, finn du i avsnittet Dokumentasjon av kunnskapar i framandspråk.

Ønskjer du å søkje om å få eit heilt opplæringsår godkjent som likeverdig med norsk utdanning, må du undersøkje grundig på førehand. Ta derfor kontakt med inntakskontoret, eventuelt fagopplæringskontoret, i fylket ditt eller rådgivar/leiinga ved den skolen du aktar å begynne ved når du kjem tilbake. Dette bør skje i god tid før du reiser ut.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: