Fråvær



Elevar i vidaregåande skole har plikt til å møte til undervisninga og delta aktivt i opplæringa.

  • I tilfelle der elevar er borte frå undervisninga, må fråværet dokumenterast.
  • Ugyldig eller udokumentert fråvær kan føre til at det ikkje er grunnlag for karakter i enkeltfag.
  • Høgt fråvær kan også føre til nedsett karakter i orden eller åtferd.

Fråværsreglar for karakter i enkeltfag

Dokumentert fråvær

Dersom du er borte frå undervisninga på grunn av sjukdom eller av andre gyldige grunnar, er det viktig at du har dokumentasjon, slik at fråværet ikkje tel. Hugs at læraren må ha tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag for at dokumentert fråvær ikkje skal påverke moglegheita for karakter i faget.

Dei gyldige grunnane til å vere borte frå undervisninga er

  • helse- og velferdsgrunnar
  • arbeid som tillitsvald
  • politisk arbeid
  • hjelpearbeid
  • lovpålagt oppmøte
  • representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • religiøs høgtid for medlemmer av eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja (inntil 2 skoledagar)
  • møte med rådgivar, elevrådsarbeid og organisert studiearbeid etter avtale med faglærar eller rektor
  • enkelte køyretimar som er vanskelege å kombinere med skolekvardagen:
    • obligatorisk tryggleikskurs på bane (4 timar)
    • praktisk øving i landevegskøyring (5 timar)
    • planlegging og køyring i variert trafikkmiljø (4 timar)

Fråværsreglar ved udokumentert fråvær

Dersom du er borte frå undervisninga utan å dokumentere fråværet ditt, gjeld desse fråværsreglane:

  • Dersom du har over 10 % udokumentert fråvær i enkeltfag, vil du som hovudregel ikkje få karakter i faget.
  • Rektor har likevel høve til å gjere ei vurdering i enkelttilfelle for fråvær opp til 15 %. Rektor kan bruke skjønn når det til dømes gjeld elevar i ein vanskeleg livssituasjon – der årsakene til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal få karakter i faget.
  • Dersom du totalt sett har meir enn 15 % udokumentert fråvær i enkeltfag, vil du ikkje få karakter i faget.
  • Fråværsreglane gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter.

Korleis blir fråværet ført på sluttdokumentasjonen?

Fråværet ditt blir ført i dagar og enkelttimar på sluttdokumentasjonen.

  • Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
  • Du kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset dersom du legg fram dokumentasjon.
  • Får du ikkje standpunktkarakter eller ønskjer å forbetre dårlege karakterar, må du ta eksamen som privatist. Men sjølv om du gjer dette, får du ikkje fjerna fråværet ditt frå dokumentasjonen.

Fråvær som ikkje skal førast på vitnemålet

Innanfor ei ramme på 10 skoledagar kan du krevje at fråvær ikkje blir ført dersom du kan dokumentere at det skuldast

  • helse- og velferdsgrunnar*
  • arbeid som tillitsvald
  • politisk arbeid
  • hjelpearbeid
  • lovpålagt oppmøte
  • representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • religiøs høgtid for medlemmer av eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja (inntil 2 skoledagar)

* For at fråvær som skuldast helse- eller velferdsgrunnar ikke skal førast, må du leggje fram legeerklæring. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare i meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dag som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom kan fråvær strykast frå og med første dag.

Konsekvensar ved søknad om læreplass og jobbsøking

Når du søkjer jobb kort tid etter vidaregåande opplæring – og spesielt ved søknad om læreplass – kan fråværet vere viktigare for bedrifta enn karakterane du har fått når ein skal vurdere om du skal få tilbod om tilsetjing.

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: