Frå yrkesfag til høgare utdanning
Ønskjer du å søkje høgare utdanning etter yrkesfagleg opplæring? Som hovudregel må du ha generell studiekompetanse for å søkje høgskole eller universitet, men det finst også alternative vegar til høgare utdanning for deg som har teke yrkesfag.
Ønskjer du å oppnå generell studiekompetanse for å søkje høgare utdanning?
Påbygging til generell studiekompetanse
Du kan søkje om påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller etter at du har oppnådd yrkeskompetanse. Du får studiekompetanse etter at du har fullført og greidd påbyggingsåret, og du kan dermed søkje høgare utdanning ved høgskule eller universitet.
Har du fylt 23 år og samtidig har 5 års samla fulltidserfaring frå arbeid og/eller utdanning (23/5-regelen), kan du oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre desse fellesfaga:
- engelsk (140 timar)
- historie (140 timar)
- matematikk (224 timar)
- naturfag (140 timar)
- norsk (393 timar)
- samfunnsfag (84 timar)
På samordnaopptak.no kan du lese meir om kva slags arbeid og kva typar utdanning som kvalifiserer til 23/5-regelen.
Ønskjer du alternative vegar til høgare utdanning?
Y-vegen
Y-vegen står for «yrkesvegen» og er eit tilbod ved nokre høgskolar og universitet til deg som har yrkesfagleg utdanning, men som ikkje har generell studiekompetanse. Y-vegen krev at du har relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse. Visse studium krev også minst 12 månader relevant praksis. På utdanning.no finn du ei oversikt over moglege Y-vegar.
Opptak på bakgrunn av realkompetanse
Du kan søkje opptak til studium ved universitet og høgskole basert på realkompetanse.
- Dersom du ikkje kan dokumentere generell studiekompetanse og er 25 år eller meir, har du krav på å få vurdert om du er studiekvalifisert på grunnlag av realkompetanse.
- Det er lærestaden sjølv som vurderer kva som er nødvendige kvalifikasjonar, og avgjer kva som er ein eigna og tenleg framgangsmåte for slike vurderingar.
- Kvalifikasjonane dine skal vurderast ut frå det faget du ønskjer å studere.
- Sjølv om du får realkompetanse for å studere eitt fag, kan du ikkje krevje studiekompetanse for andre fag eller studium.
På samordnaopptak.no kan du lese meir om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Fagskoleutdanning
Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som varer frå eit halvt til to år. Opptakskravet til fagskoleutdanning er yrkeskompetanse, generell studiekompetanse eller realkompetanse.
- Fagskolen gjev ei yrkesretta utdanning som du kan ta direkte i bruk i arbeidslivet.
- Du lærer å kombinere teori og praksis ved å arbeide med kvardagsnære oppgåver.
- Studia skal utvikle reflekterte yrkesutøvarar og gjev mange jobbmoglegheiter i privat og offentleg sektor.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet