Fagskoleutdanning
Fagskoleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som varer frå eit halvt til to år. Opptakskravet til fagskoleutdanning er
- yrkeskompetanse, med eller utan fag-/sveinebrev,
- generell studiekompetanse
eller - realkompetanse
Fagskolen gir ei yrkesretta vidareutdanning som du kan ta direkte i bruk i arbeidslivet. Du lærer å kombinere teori og praksis ved å arbeide med røyndomsnære oppgåver. Studia skal utvikle reflekterte yrkesutøvarar og gjev mange jobbmoglegheiter i privat og offentleg sektor.
Fagskoleutdanning gjev rett til lån og stipend i Lånekassen.
Studietilbod på fagskolar
Det finst både offentlege og private fagskolar, og du kan utdanne deg til mange ulike og spennande yrke. Fagskoleutdanningar blir godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – NOKUT.
Fagskolane har studietilbod innanfor
- helse og oppvekst
- teknikk og teknologi
- bygg og anlegg
- samferdsel
- økonomi og adminstrasjon
- kunst, kultur og design
- landbruk og gartneri
Ei samla oversikt over studietilboda finn du på nokut.no.
Enkelte fagskolar har samarbeid med norske og utanlandske høgskolar, noko som gjer det mogleg å byggje på fagskoleutdanninga til ein bachelorgrad og eventuelt til ein mastergrad.
Søknad og søknadsfrist
Offentlege fagskolar
Frå 2020 søkjer du opptak til offentlege fagskolar gjennom Samordna opptak.
Søknadsfristen er 15. april. Opptaket opnar 1. februar i Samordna opptak.
Førespurnader om dei ulike tilboda må du rette direkte til den aktuelle fagskolen fram til alt er på plass hos Samordna opptak.
Private fagskolar
Søknadsfristen kan variere frå skole til skole. Nokre skolar har rullerande opptak fram til utdanninga startar. Sjekk den aktuelle skolen for å finne ut meir om søknadsfrist og korleis du søkjer.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: