Fag-/sveinebrev for vaksne
Du som er vaksen, kan inngå lærekontrakt som omfattar både
- Vg3 / opplæring i bedrift i eit lærefag og
- full eller delvis opplæring i bedrift i programfaga frå Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på.
I dei fleste lærefag er den totale læretida da på fire år, nokre få fag har utvida læretid. Tidlegare skolegang og praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget kan godskrivast i læretida. Læretida vil da bli redusert. Retningslinjer for dette finn du i forskrift til opplæringslova.
Inngår du ein slik lærekontrakt, kan kravet til opplæring i fellesfag dekkjast ved opplæring i skole, privatisteksamenar eller godkjend realkompetanse. Kravet til opplæring i programfaga kan dekkjast ved opplæring i skole, opplæring i bedrift eller allsidig, dokumentert praksis.
Dersom lærekontrakten din omfattar opplæring i programfag frå Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på, må du bestå ein eigen eksamen før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve:
- I dei fleste lærefag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget.
- I særskilde lærefag innanfor utdanningsprogram for elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på.
Dersom du i løpet av læretida har behov for skolegang, skal du normalt følgje opplæring organisert spesielt for vaksne.
Er du vaksen og har tilstrekkeleg dokumentert praksis i eit lærefag kan du gå opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat.
Grunnkompetanse
Som vaksen kan du òg ta sikte på grunnkompetanse i staden for fag-/sveinebrev. Du kan da teikne opplæringskontrakt med ei lærebedrift. På same måte som ungdom vil du få status som lærekandidat.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: