Vis meny

Elevutveksling

I Noreg er det fleire organisasjonar som arbeider med elevutveksling. Rådgivaren på skolen din kan hjelpe deg med meir informasjon. Utvekslingselevar er norsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i utlandet på nivå med norsk vidaregåande skole, og utanlandske elevar som tek vidaregåande opplæring i Noreg. Som utvekslingselev går du på ein skole i nærleiken av vertsfamilien du bur hos. Du får erfaring både med skole, språk og daglegliv i landet du besøkjer. Dersom den utanlandske skolen har eit skoleår som er sterkt avvikande frå eit norsk skoleår, kan du søkje inntakskontoret i fylket ditt om å reservere skoleplass frå eit tidspunkt som passar med heimkomsten din. Dette er særleg aktuelt for land som ligg på den sørlege halvkula. Dersom du kjem heim til Noreg slik at det passar med skolestart i august, skal du vanlegvis ikkje søkje om reservasjon. Du må berre passe på å sende søknad om skoleplass på ordinær måte innan søknadsfristen. Meld frå til inntakskontoret om planane dine i god tid før du reiser.

På visse føresetnader kan du få året i utlandet godskrive som eit fullverdig skoleår, noko som kan vere viktig viss du siktar mot studiekompetanse. Du bør forhøyre deg med ein vidaregåande skole om dette før du reiser ut. Sjå òg Godkjenning av utdanning frå utlandet.

Det finst stipend du kan søkje for å dekkje delar av kostnadene med å ta utdanning i utlandet. Ta kontakt med Lånekassen for å få meir informasjon. Les òg Andre stipend og legat.

 

Vel fylket ditt!

Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet:

Finn du ikkje fylket ditt i lista?
Vel fylket ditt i kartet.