Dokumentasjon og vitnemål
Alle som har gjennomgått vidaregåande opplæring, har rett til å få opplæringa dokumentert med vitnemål eller kompetansebevis.
Vitnemål
For å få vitnemål må du ha fullført og bestått eit treårig opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse. Er du elev, er det skolen der du fullfører og består opplæringa di, som skriv ut vitnemålet.
Kompetansebevis
Vidaregåande opplæring som ikkje kan dokumenterast med vitnemål, skal dokumenterast med kompetansebevis. Eit kompetansebevis skal vise kva standpunkt- og eksamenskarakterar du har oppnådd. Dersom du ikkje fullfører eit fag på det nivået der læreplanverket fastset at det skal givast standpunktkarakter, vil halvårsvurderinga med karakter bli ført på kompetansebeviset, med ein merknad.
Kompetansebevis blir også brukt som dokumentasjon på gjennomgått opplæring når du berre har fått opplæring i delar av eit fag.
Skolen skriv ut kompetansebevis for elevar.
Vel fylket ditt!
Desse fylka har tilleggsinformasjon til dette punktet: