Dokumentasjon – lærefag
Alle som har gjennomgått vidaregåande opplæring, har rett til å få opplæringa dokumentert med vitnemål eller kompetansebevis. Greidd fag- eller sveineprøve blir i tillegg dokumentert med fag- eller sveinebrev.
Vitnemål
Greidd vidaregåande opplæring som gir rett til fag- eller sveinebrev, blir dokumentert med vitnemål. Fylkeskommunen er ansvarleg for å utferde vitnemål til lærlingar.
Fag- eller sveinebrev
Når du har bestått fag- eller sveineprøven er fylkeskommunen også ansvarleg for å utferde fag- eller sveinebrev.
Kompetansebevis
Gjennomført opplæring som ikkje kan dokumenterast med vitnemål og fag- eller sveinebrev, skal dokumenterast med kompetansebevis. Kompetansebeviset skal vise kva opplæring som er gjennomført. Kompetansebevis blir òg brukt som dokumentasjon for kompetanseprøve. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for lærlingar og lærekandidatar.
Sjå også avsnittet Praksisbrev – ei forsøksordning.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet