Alternativ organisering av opplæringa i skole og bedrift
- Det er mogleg å teikne lærekontrakt eller opplæringskontrakt som inneheld unntak frå den vanlege opplæringsordninga ved at
- ein større del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen, skjer i bedrift
- opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn læreplanen fastset
Dette inneber for eksempel at du kan begynne som lærling eller lærekandidat rett etter grunnskolen eller etter berre Vg1 i skole. Fullført og bestått vidaregåande opplæring som du har frå før, får du godskrive etter retningslinjene i forskrift til opplæringslova.
Dersom lærekontrakten din omfattar opplæring i programfag frå Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på, må du bestå ein eigen eksamen før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve:
- I dei fleste lærefag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget.
- I særskilde lærefag innanfor utdanningsprogram for elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på.
Du må normalt òg bestå fellesfaga som inngår i fagfordelinga for Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege utdanningsprogram
Opplæring i fellesfag, og eventuelt i programfag, blir vanlegvis organiserte i eigne grupper ved ein vidaregåande skole. Du kan òg gå opp til eksamen i fellesfag som privatist. Det finst unntak frå kravet om bestått i fellesfag. Rådgivaren på skolen din kan gi deg nærmare informasjon.
Ingen fylke har tilleggsinformasjon til dette punktet