Yrkesfagleg fordjuping
I yrkesfaglege utdanningsprogram er det sett av timar til yrkesfagleg fordjuping. Læreplan i yrkesfagleg fordjuping skal lagast lokalt innan kvart utdanningsprogram på Vg1 / programområde på Vg2. Yrkesfagleg fordjuping skal gi deg moglegheit til å
- prøve ut eit aktuelt lærefag
- få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer aktuelle yrke
- fordjupe deg i kompetansemål frå læreplanar på Vg3-nivå
- ta relevante fellesfag frå Vg3 påbygging til generell studiekompetanse *
- ta fellesfag i framandspråk *
- ta programfag frå studieførebuande utdanningsprogram –
* Forslag til endring er til behandling.
Yrkesfagleg fordjuping kan gå føre seg på eigen skole, ein annan skole eller i bedrift.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.