Vurdering i orden og åtferd

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å
  • bidra til sosialiseringsprosessen din
  • skape eit godt psykososialt miljø
  • gi informasjon om ordenen din og åtferda di 

Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd er knytt til i kva grad du opptrer i tråd med skolens ordensreglement. Det skal vere kjent og tilgjengeleg for deg kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt ved vurderinga i orden og i åtferd. Stort fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller åtferd.

Ved fastsetjing av karakter i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene dine. Vanlegvis skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på einskildhendingar, med unntak av dersom einskildhendinga er særleg klanderverdig eller grov.

I orden og i åtferd blir karakterane «God», «Nokså god» og «Lite god» brukte. Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av kompetansen din i fag.

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga, og det skal bli gitt vurdering utan karakter i heile opplæringsløpet. Halvårsvurdering med karakter skal givast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn og på slutten av kvart opplæringsår dersom du ikkje avsluttar opplæringa i skole det året.

Standpunktkarakter i orden og i åtferd skal bli gitt når du avsluttar opplæringa i skole i samsvar med læreplanverket. Det betyr etter Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram og i dei fleste tilfelle etter Vg2 i yrkesfaglege utdanningsprogram.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.