Vurdering i fag
Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane. I vurderinga skal ikkje føresetnader, fråvær eller andre forhold knytte til orden og åtferd trekkjast inn, men i kroppsøvingsfaget skal innsatsen din vere ein del av grunnlaget for vurdering.
Du skal møte til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere kompetansen din i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar. Du får ikkje halvårsvurdering eller standpunktvurdering dersom du har fråvær på meir enn 10 prosent av timane i faget. Men dersom du kan dokumentere at overskridinga av fråværsgrensa skuldast helse- og velferdsgrunnar e.l., kan du likevel få vurdering med karakter. Les meir under Fråvær.
Ved vurdering i fag blir det brukt talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Det skal berre brukast heile talkarakterar, både ved undervegs- og sluttvurderinga. Karakterane uttrykkjer følgjande:
2 – låg kompetanse i faget
3 – nokså god kompetanse i faget
4 – god kompetanse i faget
5 – svært god kompetanse i faget
6 – framståande kompetanse i faget
For å bestå eit fag krevst normalt karakteren 2 eller betre. Får du karakteren 1 i eit fag, er faget bestått dersom du får 2 til eksamen. Dette gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.
I somme fag kan det i staden for talkarakter brukast «Bestått»/«Ikkje bestått». For å få karakteren «Bestått» skal du ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget.
Undervegsvurdering
Underveisvurdering skal fremje læring og gi deg høve til å betre kompetansen din gjennom heile opplæringa i faget. Undervegsvurdering skal
- brukast som ein reiskap i læreprosessen
- danne grunnlag for tilpassa opplæring
- bidra til at du aukar kompetansen din i fag
Undervegsvurderinga skal bli gitt løpande og systematisk, og kan vere både skriftleg og munnleg. Undervegsvurderinga skal gi grunngitt informasjon om kva kompetanse du har, og rettleiing om korleis du kan utvikle kompetansen din i faget.
Som ein del av undervegsvurderinga har du minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren din om utviklinga di i forhold til kompetansemåla i faga.
Har du individuell opplæringsplan, skal du i tillegg få undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med denne.
Halvårsvurdering
Halvårsvurdering med og utan karakter er ein del av undervegsvurderinga, og skal vise kompetansen din opp mot kompetansemåla i læreplanen for faget og gi rettleiing om korleis du kan auke kompetansen din.
Det skal bli gitt skriftleg og/eller munnleg halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringa.
Halvårsvurdering med karakter skal bli gitt midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. I fellesfag skal det også bli gitt halvårsvurdering med karakter på slutten av opplæringsåret dersom faget ikkje er avslutta. Halvårsvurdering med karakter skal bli gitt skriftleg og skal gi uttrykk for den kompetansen du har nådd ut frå kva som er forventa på tidspunktet for vurdering.
Eigenvurdering
Som elev skal du delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling. Formålet er at du skal reflektere over og bli medviten om di eiga læring. Eigenvurderinga er ein del av undervegsvurderinga.
Sluttvurdering
Sluttvurdering, som består av standpunkt- og eksamenskarakterar, gir informasjon om måloppnåinga di ved avslutninga av opplæringa. Standpunkt- og eksamenskarakterar skal førast på vitnemålet.
Den kompetansen du har vist undervegs i opplæringa, er ein del av grunnlaget for vurdering når det skal setjast standpunktkarakter i fag. Standpunktkarakteren skal baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen din i faget. Du skal ha høve til å forbetre kompetansen din inntil standpunktkaraktar er fastsette. Du skal også vere gjord kjend med kva det har blitt lagt vekt på ved fastsetjing av karakterane dine.
Er det ikkje grunnlag for å setje standpunktkarakter, skal det gjerast vedtak om dette, og du skal vere varsla på førehand.
Har du individuell opplæringsplan, skal du i utgangspunktet vurderast med karakter etter måla i læreplanen for faget. Er ikkje dette mogleg, skal du ha dokumentasjon på den kompetansen du har oppnådd.
Eksamen er særskilt regulert i forskrift til opplæringslova.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.