Vg1, Vg2 og Vg3



Vg1

Opplæringa går føre seg i skole og omfattar både fellesfag (t.d. norsk, matematikk og engelsk) og programfag frå utdanningsprogrammet ditt.

Studieførebuande

Yrkesfagleg

  • Opplæringa er for det meste teoretisk.
  • Dei fleste skoletimane blir brukte til fellesfag.
  • Du har to eller tre programfag (gjeld ikkje studiespesialisering), og i nokre av utdanningsprogramma kan du velje programfag på Vg1.
  • Vg1 skal gi deg ei grunnleggjande opplæring i arbeidsprosessar, teknikkar og verktøy som er typiske for ditt utdanningsprogram.
  • Dei fleste timane blir brukte til programfag.
  • Du har også faget yrkesfagleg fordjuping, der du har høve til å prøve ut aktuelle lærefag i lærebedrifter.

Vg2

På Vg2 vel du mellom dei programområda som finst innanfor utdanningsprogrammet du valde på Vg1.

Studieførebuande

Yrkesfagleg

  • I tillegg til fellesfaga vel du mellom ulike programfag etter visse reglar.
  • Opplæringa går føre seg i skole.
  • Du vel eit programområde og får dermed høve til å spesialisere deg i større grad.
  • For dei fleste går opplæringa føre seg i skole.
  • Du får fleire timar til faget yrkesfagleg fordjuping enn på Vg1.
  • Det finst også nokre få særløp der du etter Vg1 får opplæringa i bedrift (3 år).

Vg3 / opplæring i bedrift

Vg3 byggjer på det Vg2 du gjekk på, og går anten føre seg i skole eller i bedrift.

Studieførebuande

Yrkesfagleg

  • Du held fram med det programområdet du valde på Vg2, og vel vidare fordjuping i programfag eller nye programfag etter visse reglar.
  • Opplæringa skjer i skole.
  • Med godkjent vitnemål frå Vg3 kan du søkje høgare utdanning ved høgskole og universitet.
  • Du vel mellom programområde som byggjer på det Vg2 du gjekk på, og du spesialiserer deg no vidare.
  • Dei fleste programområda er på Vg3-nivå lærefag. Då får du opplæringa som lærling i ei bedrift, og læretida er 2 år.
  • Nokre programområde er på Vg3 organiserte som 1 års opplæring i skole.
  • Nokre få yrkesfaglege løp har Vg3 i skole før dei blir avslutta med 1,5 eller 2 års læretid i bedrift.

Oversikt over heile opplæringsløpet

Oppbygginga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet.

  • Gul: Opplæringa går føre seg i skole.
  • Grøn: Opplæringa går føre seg i bedrift.
  • Blå: Opplæringa er fullført og godkjend, og du har kompetanse til å gå ut i arbeid eller søkje høgare utdanning.

10. trinn


Velg kursretning

  • Studieforberedende
  • Yrkesfaglig

Studieførebuande opplæring fører fram til studiekompetanse


Vidaregåande trinn 1 i skole

Vidaregåande trinn 2 i skole


Vidaregåande trinn 3 i skole


Høgare utdanning ved høgskole/universitet


Påbygging til generell studiekompetanse


Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev)


Vidaregåande trinn 1 i skole


Vidaregåande trinn 2 i skole


Velg VG3 retning

  • Vidaregåande trinn 3 i skole


  • Påbygging til generell studiekompetanse


  • Opplæring i bedrift


Vidaregåande trinn 3 i skole


Påbygging til generell studiekompetanse


Opplæring i bedrift


Yrke og arbeidsliv eller fagskoleutdanning


1. år


2. år


3. år


4. år


 

Kryssløp

I nokre tilfelle kan du «krysse» frå eit utdanningsprogram eller programområde til eit anna. Dette blir kalla kryssløp.

I strukturkarta er kryssløpa markerte med eit blått kryss framfor dei programområda på Vg2 eller Vg3 som eigentleg høyrer til i eit anna utdanningsprogram eller programområde.

I dei tilfella det er mogleg med kryssløp frå eit utdanningsprogram/programområde til eit anna, konkurrerer alle søkjarar på like vilkår, same kva Vg1 eller Vg2 dei kjem frå.

Overgang frå Vg1 studiespesialisering til Vg2 yrkesfag

Nokre fylkeskommunar tilbyr eit kryssløp der du som har fullført Vg1 studiespesialisering, kan gå over til Vg2 yrkesfag og samtidig fullføre opplæringa på normert tid.

  • Du kan søkje deg til alle programområde på Vg2.
  • Fordi du allereie har fullført kravet til fellesfag på Vg2 yrkesfag, skal du bruke desse timane til faget yrkesfagleg opphenting.
  • I yrkesfagleg opphenting skal du hente opp kompetanse i programfaga frå Vg1. Det er fylkeskommunen som fastset kva for kompetansemål du skal nå i yrkesfagleg opphenting.
  • Du skal ha standpunktkarakter i faget, men du skal ikkje ha eksamen.
  • Elles følgjer du den ordinære opplæringa på Vg2 (programfag, yrkesfagleg fordjuping og kroppsøving) på lik linje med dei andre elevane på Vg2 yrkesfag.

Tilbodet om overgang frå Vg1 studiespesialisering til Vg2 yrkesfag er ikkje ein rett du har som elev, men eit tilbod fylkeskommunen kan gje. Ta kontakt med fylket ditt dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Møre og Romsdal tilbyr ikkje overgang frå Vg1 studiespesialisering til Vg2 yrkesfag.