Valet er ditt!



Kva draumar har du om framtida? Kva vil du bli?
Det er du sjølv som må velje kva du skal bruke åra i vidaregåande opplæring til. Derfor er det lurt å tenkje nøye gjennom kva utdanning du har lyst til å satse på, og kva du trur du vil like å jobbe med i framtida. Det er viktig at du gjer dette til ditt eige val!

Snakk med foreldra dine og med utdannings- og yrkesrådgjevaren på skolen om ulike utdanningsmoglegheiter og yrkesval.

Kva passar for deg?

Det er nødvendig at du kjenner deg sjølv når du skal velje utdanning og yrke. Først og fremst bør du finne fram til kva som er dine sterke sider. Det gjev deg sjølvtillit, og det er viktig når du skal gjere eit godt val. Spør deg sjølv:

  • Kva er eg flink til?
  • Kva er eg interessert i?
  • Kva likar eg å halde på med?
  • Kva drøymer eg om å gjere?

Evnene, anlegga og ferdigheitene dine

På skolen har du sikkert funne ut kva fag som er dei lettaste for deg, og kva fag du strevar med. I kva retning går evnene dine?

  • Er du flink i teorifaga? Kva likar du best – språk eller matematikk?
  • Har du kunstnariske evner? Likar du å teikne og måle eller spele eit instrument?
  • Går evnene dine i praktisk retning? Trivst du med å lage mat, sy eller snikre, reparere eller mekke?
  • Eller er det kanskje i kroppsøvingstimane du har det aller best?

Eigenskapane dine

Med eigenskapar meiner vi korleis du er som person. Dette spelar inn på ditt val av framtidig yrke.

  • Er du sosial? Likar du å vere saman med mange menneske? Har du lett for å prate og bli kjend med andre, eller trivst du best saman med nokre få, gode vener?
  • Greier du å samarbeide, eller vil du helst løyse ting sjølv?
  • Er du flink til å høyre på andre sine idear og meiningar?
  • Er du til å stole på?
  • Likar du å ha det ryddig rundt deg, eller er det like greitt med litt kreativt rot?
  • Er du full av initiativ, eller likar du best at andre bestemmer og ordnar opp?

Når du ein gong i framtida skal søkje jobb, vil arbeidsgjevaren leggje stor vekt på kva for personlege eigenskapar du har. Døme kan vere om du er til å stole på, om du har lite fråvær, og om du kan samarbeide og arbeide sjølvstendig. Haldninga til arbeidet og dei du skal arbeide saman med, kan vere vel så viktig som gode karakterar frå skolen. Derfor er også ordens- og åtferdskarakterane viktige!

Interessene dine

Dersom du får halde på med noko du er interessert i og motivert for, er sjansen stor for at du vil lykkast. Men du kan ikkje alltid rekne med å vere så heldig at interessene dine stemmer overeins med ei viss utdanning eller eit spesielt yrke. Likevel kan du finne igjen interesseområdet ditt i fleire av utdanningsprogramma. Tenk også på at interessene endrar seg fort i tenåra. Andre interesser kan dukke opp i tillegg til dei du allereie har.

Helsa di

Det kan vere nødvendig å ta helsa med i vurderinga når du skal velje utdanning og yrke.

  • I nokre yrke krevst det meir fysisk styrke enn i andre.
  • Allergi kan avgrense valmoglegheitene dine.
  • Det kan vere krav til syn og høyrsel, eller det kan vere andre spesielle krav i visse yrke.

Dette er forhold du bør undersøkje før du vel utdanning. Spør utdannings- og yrkesrådgjevaren din dersom du er i tvil.

Forventningar frå andre

Det er lurt å bruke mykje tid saman med dei føresette til å snakke om ulike alternativ og moglegheiter. Høyr på råd frå familie og vener. Be også utdannings- og yrkesrådgjevaren på skolen og andre du stolar på, om råd.

Det er ikkje uvanleg at føresette, sysken, slekt og vener har meiningar om kva du bør bli. Mange føresette har store forventningar for framtida til ungane sine. Men det endelege valet må du sjølv ta! Du må ikkje la deg påverke til å velje noko du ikkje ønskjer, berre fordi andre meiner at det er det rette for deg.

Yrke og kjønnsroller

Arbeidslivet treng mangfald! Det er viktig at du vel utdanningsprogram uavhengig av tradisjonelle kjønnsroller.  Ikkje la deg styre av førestillingar om at nokre yrke er for menn, medan andre passar best for kvinner. Tenk gjennom kva du har lyst til!

Utforsk alle dine muligheter

Du veit sikkert ein del om ulike yrke, og du har kanskje ei formeining om kva for yrke som kan passe for deg. Men er du sikker på at du har god nok oversikt? Berre innanfor yrkesfagleg opplæring er det nesten 200 ulike yrke du kan få opplæring i, og høgskole- og universitetsutdanning opnar for ei rekkje yrkesval.

  • Likar du fart og spenning, og tenkjer at politi, brannmann eller pilot er noko for deg? Då kan du kanskje også vurdere yrke som ambulansearbeidar, vektar eller flygeleiar?
  • Har du fundert på å jobbe innanfor helsesektoren som lege eller sjukepleiar? Då kan du også undersøkje andre helseyrke som portør eller manuellterapeut.

Ver nysgjerrig og open når du utforskar moglegheitene dine. Du kjem nok til å oppdage at det finst langt fleire alternativ enn du visste om.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.