Informasjon frå Møre og Romsdal
4-årig opplæring yrkesfag
Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er ei ordning der du etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kan oppnå både fagbrev og spesiell studiekompetanse.
Vi har tilbod om YSK innafor bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag.
Inntakskrav frå grunnskolen til Vg1
Det er krav om minimum karakter 4 i matematikk og naturfag frå grunnskolen for å vere kvalifisert til tilbodet på Vg1. Tilboda har eigne namn for søking på Internett.
Vg1 BABAT1P--- Bygg- og anleggsteknikk, YSK kan du søke ved
Vg1 ELELE1P--- Elektro og datateknologi, YSK kan du søke ved Vg1 TPTIP1P--- Teknologi- og industrifag, YSK kan du søke ved Ta kontakt med skolen for meir informasjon om tilbodet du vil søke på.
Teoridel
Fellesfag og felles programfag frå studiespesialisering innan studieførebuande utdanningsprogram. Den teoretiske utdanninga har fordjuping i dei felles programfaga matematikk og fysikk.
Yrkesteori frå elektrofag og teknikk og industriell produksjon innan yrkesfaglege utdanningsprogram.
Praksisdel
Den praktiske delen av opplæringa til fagprøve blir gitt i samarbeidande verksemder.
Vegen til målet
Dei to første åra er ein elev ved skolen, med tre dagar undervisning per veke, og to dagar ute i bedrift. Dei to neste åra er ein lærling med teoriundervising ved skolen tre og to dagar per veke. Elevane følgjer bedriftene sitt arbeidsår, og får løn for den tida dei arbeider i bedrifta.
Informasjon frå Møre og Romsdal
4-årig opplæring yrkesfag
Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er ei ordning der du etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kan oppnå både fagbrev og spesiell studiekompetanse.
Vi har tilbod om YSK innafor bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag.
Inntakskrav frå grunnskolen til Vg1
Det er krav om minimum karakter 4 i matematikk og naturfag frå grunnskolen for å vere kvalifisert til tilbodet på Vg1. Tilboda har eigne namn for søking på Internett.
Vg1 BABAT1P--- Bygg- og anleggsteknikk, YSK kan du søke ved
Ta kontakt med skolen for meir informasjon om tilbodet du vil søke på.