Studieførebuande opplæring for vaksne
23/5-regelen
Har du fylt 23 år, og samtidig har 5 års samla fulltidserfaring frå arbeid og/eller utdanning (23/5-regelen), kan du oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre følgjande fellesfag:- Engelsk 140 timar*
- Historie 140 timar
- Matematikk 224 timar
- Naturfag 140 timar
- Norsk 393 timar
- Samfunnsfag 84 timar
*Engelsk frå GK og VKI i yrkesfaglege studieretningar i Reform 94 (2+2 veketimar) dekkjer dette kravet.
Med generell studiekompetanse kan du takast opp til grunnutdanning ved universitet og høgskolar.
I fylka er det tilbod om opplæring for vaksne i dei fellesfaga som er nødvendige for å oppnå generell studiekompetanse. Opplæringa kan gå føre seg både på dag- og kveldstid.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.