Stipend og lån fra Lånekassen

Er du lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat, kan du søkje om både stipend og lån frå Lånekassen i læretida. Du kan få støtte i 11 månader per skoleår.

Du må oppfylle nokre krav for å ha rett til støtte. Les om krava på lanekassen.no.

Satsane nedanfor gjeld for skoleåret 2022–2023.

Bortebuarstipend

Dersom du må bu borte for å gjennomføre læretida, kan du få eit bortebuarstipend på 4 979 kroner per månad. Stipendet er behovsprøvd og blir gradvis redusert når du tener meir enn 15 723 kroner per månad.

Du må oppfylle eitt av desse krava for å ha rett til bustipend:

  • Arbeidsstaden din ligg 40 km eller meir frå foreldreheimen.
  • Reisetida mellom foreldreheimet og arbeidsstaden din er tre timar eller meir tur-retur.
  • Særlege forhold av personleg eller sosial karakter gjer at du ikkje kan bu heime.

Inntektsavhengig stipend – avhengig av inntekt

Kor mykje du får i grunnstipend, kjem an på kor mykje du får i lærlinglønn, kva forsørgjarane dine tener, og kor mange søsken du har som er fødde i 2004 eller seinare. Er lærlinglønna di over 5 702 kroner per månad, får du ikkje inntektsavhengig tipend.

Inntektsavhengig stipend er meint å vere eit bidrag til å dekkje levekostnader for elevar frå familiar med svak økonomi. Dei som får innteksavhengig stipend, kan få inntil 3 489 kroner per månad.

Lån til bortebuarar over 18 år

Har du ungdomsrett, kan du låne inntil 3 399 kroner per månad dersom du er over 18 år og bur borte frå foreldra dine.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje om stipend og lån til du har inngått ein godkjend lærekontrakt/opplæringskontrakt. Då kan du søkje om stipend og lån på lanekassen.no.

Logg inn på søknaden med MinID eller BankID, slik som då du søkte om skole- eller læreplass.

Under 18 år? Be foreldra dine opprette digital postkasse før du søkjer

Dersom du er under 18 år, må foreldra dine signere avtalen om støtte for deg. Dette kan dei gjere elektronisk. Dersom dei opprettar ein digital postkasse før du søkjer, får dei svaret i den digitale postkassen og kan signere for deg med ein gong.

Foreldra dine kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på www.velgdigitalpostkasse.no. Det einaste dei treng, er BankID. 

Søknadsfristar

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar må sende inn søknad for skoleåret 2022–2023

  • seinast 30. juni 2023 eller
  • før læretida er slutt dersom ho blir avslutta før 30. juni 2024

Følg søknaden din på Dine sider

lanekassen.no finn du informasjon om stipend og lån til utdanning i Noreg og utlandet. Der loggar du også inn på Dine sider, der du mellom anna kan

  • søkje om støtte
  • følgje søknaden din
  • finne ut kor mykje du har fått, og når pengane kjem

Andre stipend og legat

Det finst fleire moglegheiter for stipend, sjå Andre stipend og legat.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.