Sosialpedagogisk rådgiving
Sosialpedagogisk rådgivar skal hjelpe deg med å finne deg til rette i vidaregåande opplæring. Det gjeld dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa di og dei sosiale forholda dine på skolen. Rådgivaren kan mellom anna hjelpe deg med å
- klarleggje problema og omfanget av dei
- kartleggje kva skolen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar
- finne og formidle kontakt med dei rette hjelpeinstansane
Sosialpedagogisk rådgivingsteneste samarbeider mellom anna med pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, skolehelsetenesta og barnevernstenesta.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.