Søknadsfristar og inntakskalender



Søknadsfristar

  • 1. mars er ordinær søknadsfrist for vidaregåande skole og formidling til læreplass.
  • 1. februar er søknadsfrist dersom du har spesielle behov.

Kven søkjer 1. mars?

Søknadsfrist 1. mars gjeld for alle som skal søkje ordinært inntak til videregåande opplæring og til læreplass.

Kven søkjer 1. februar?

For nokre søkjarar er søknadsfristen 1. februar. Dette gjeld:

Sjå òg informasjon frå fylket ditt nedanfor.

Slik søkjer du

  • Du søkjer via nettstaden vigo.no.
  • Nettstaden er open heile døgnet frå byrjinga av januar og fram til søknadsfristen. Han stengjer kl. 23.59 den dagen det er søknadsfrist.
  • Du kan endre på søknaden din heilt fram til fristen går ut 1. februar eller 1. mars. Du kan ikkje søkje via vigo.no etter at søknadsfristen er gått ut.
  • Sjå òg Registrer søknaden din på vigo.no.

Har du spørsmål til din søknad? Ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt for nærmare informasjon.

Informasjon frå Møre og Romsdal



Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2024

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra. 

DatoFrist
JanuarSøknadsmateriellet er klart
4. januar,
kl 09:00

Klart for søking i vigo.no. Du kan registrere endringar i søknaden fram til søknadsfristen går ut. NB - sjekk at du legg inn riktig mobil og e-post

Du kan no legge inn førehandssvar på vigo.no. Frist for førehandssvar:

  • 1. april for dei som søker fortrinn eller individuell vurdering i tidleg inntak
  • 15. juni for dei som søker ordinært inntak
1. februar,
kl 23:59
Søknadsfrist for:
  • inntak med fortrinnsrett eller individuell vurdering
  • formidling til læreplass for lærekandidatar
1. mars,
kl 23:59
Søknadsfrist for:
  • formidling til læreplass for lærlingar
  • ordinært inntak til vidaregåande skolar
April

Svar:

  • til dei som har fått søknaden sin behandla med fortrinnsrett eller individuell vurdering i tidleg inntak
15. juniFrist for:
  • innsending av flyttemelding
  • førehandssvar i vigo.no for dei som søker ordinært inntak
  • legge inn NYTT mobilnummer eller e-postadresse i vigo.no
21. juni
Siste skoledag
23. juni Frist for:
  • vi må ha motteke ettersendte vitnemål innan 23. juni for at dei skal vere registrert før 1. gongs inntak
ca 3. juliSvar på 1. gongs inntak
14. juliSvarfrist 1. gongs inntak
ca 29. juliSvar på 2. gongs inntak

4. august

Svarfrist 2. gongs inntak
19. augustSkolestart
1. novemberFormidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta


Vedlegg Møre og Romsdal