Søknadsfristar og inntakskalender



1. mars er ordinær søknadsfrist for inntak til vidaregåande skole og formidling til læreplass.

1. februar er søknadsfrist

  • ved søknad om fortrinnsrett
    • for søkjarar til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1
    • for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne
    • for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk
    • for søkjarar med vedtak om utvida tid.
  • for søkjarar som har enkeltvedtak om særskilt språkopplæring.
  • for søkjarar som nyleg har komme til Noreg.
  • ved søknad om individuell behandling
    • for søkjarar til Vg1 som har rett til spesialundervisning og som manglar karakter i meir enn halvparten av faga
    • for søkjarar til Vg1 som har hatt særskilt språkopplæring i grunnskolen og som manglar karakter i meir enn halvparten av faga
    • for søkjarar til Vg2 eller Vg3 med enkeltvedtak om spesialundervisning og som manglar karakter i fleire fag eller følgjer eit planlagt løp mot grunnkompetanse
    • for søkjarar som må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar.
  • ved søknad om formidling til læreplass for lærekandidatar.
Sjå òg informasjon frå fylket ditt nedanfor.

Du søkjer via nettstaden vigo.no (logg inn med MinID). Nettstaden er open heile døgnet frå byrjinga av januar og fram til søknadsfristen. Han stengjer kl. 23.59 den dagen det er søknadsfrist.

Du kan ikkje søkje via Internett etter at søknadsfristen er gått ut. Ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt for nærmare informasjon.

Informasjon frå Møre og Romsdal



Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2023

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra. Tilbodshefte for skoleåret 2023/2024 blir lagt ut uke 51.

DatoFrist
JanuarSøknadsmateriellet er klart
4. januar,
kl 09:00

Klart for søking i vigo.no. Du kan registrere endringar i søknaden fram til søknadsfristen går ut. NB - sjekk at du legg inn riktig mobil og e-post

Du kan no legge inn førehandssvar på vigo.no. Frist for førehandssvar:

  • 1. april for dei som søker fortrinn eller individuell vurdering i tidleg inntak
  • 15. juni for dei som søker ordinært inntak
1. februar,
kl 23:59
Søknadsfrist for:
  • inntak med fortrinnsrett eller individuell vurdering
  • formidling til læreplass for lærekandidatar
1. mars,
kl 23:59
Søknadsfrist for:
  • formidling til læreplass for lærlingar
  • ordinært inntak til vidaregåande skolar
April

Svar:

  • til dei som har fått søknaden sin behandla med fortrinnsrett eller individuell vurdering i tidleg inntak
15. juniFrist for:
  • innsending av flyttemelding
  • førehandssvar i vigo.no for dei som søker ordinært inntak
  • legge inn NYTT mobilnummer eller e-postadresse i vigo.no
22. juni
Siste skoledag
23. juni Frist for:
  • vi må ha motteke ettersendte vitnemål innan 23. juni for at dei skal vere registrert før 1. gongs inntak
ca 5. juliSvar på 1. gongs inntak
17. juliSvarfrist 1. gongs inntak
ca 3. augustSvar på 2. gongs inntak

7. august

Svarfrist 2. gongs inntak
21. augustSkolestart
1. novemberFormidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta