Søknad, svar og reglar

Dei fleste som tek vidaregåande opplæring går eitt eller fleire år i skole som elev. Du må søkje om plass i vidaregåande skole, les meir nedanfor. Les òg om å søkje læreplass.


Haust – Val av vidaregåande opplæring og yrke

Du vel anten studieførebuande opplæring

eller yrkesfagleg opplæring

I både studieførebuande og yrkesfagleg opplæring kan du velje grunnkompetanse som mål. Om du ønskjer, kan du seinare oppnå full studie- eller yrkeskompetanse.

Søknad og MinID

Du søkjer vidaregåande opplæring på vigo.no. Når du søkjer må du ha ein elektronisk ID. Du må sjølv bestille aktiveringsbrev for MinID. Pass på at du gjer dette i god tid før søknadsfristen.

Treng du hjelp med MinID? Kontakt brukarstøtta for MinID på telefon 800 30 300 eller brukerstotte@digdir.no.

Vinter – Søknad på vigo.no med MinID

Korleis søkjer du?

  • Du må søkje tre utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje på Vg1.
  • Du har rett til å komme inn på eitt av desse.
  • Har du spesielle behov som gjer at du må følgje eit bestemt utdanningsprogram på Vg1? Då kan du søkje om fortrinnsrett til inntak.
  • Manglar du karaktergrunnlag? Då kan det hende at du kan takast inn til eit utdanningsprogram på Vg1 etter individuell vurdering.
  • Du må søkje om plass kvart år – både til Vg1, Vg2 og Vg3.
  • Du søkjer via vigo.no.
  • Logg inn med MinID.
  • Du søkjer som regel vidaregåande opplæring i det fylket du bur i.
  • Hugs å skrive ut kvittering av søknaden.
  • Du kan endre mobilnummer og e-postdresse på vigo.no før 1. juli (i dei fleste fylka). Etter denne datoen må inntakskontoret  ha beskjed. Hugs at du også må oppdatere mobilnummer og e-postadresse i MinID.

Sjå også Registrer søknaden din på vigo.no

Søknadsfristar

1. mars (ordinær frist)*

1. februar ved søknad om fortrinnsrett eller individuell behandling*

* Dersom søknadsfristen går ut på ein laurdag eller søndag, blir fristen utvida til måndagen.

Test at du får til å logge inn på vigo.no med MinID i god tid før søknadsfristen!


Sommar – Svar på vigo.no med MinID

Korleis svarar du?

  • Du får melding om tilbod på SMS eller e-post.
  • Logg inn på vigo.no med MinID for å finne ut kva tilbod du har fått.
  • På vigo.no skal du svare på tilbod om plass og/eller ventelisteplass.
    • Tilbod om plass på det første ønsket ditt? 
      Du bør svare ja. Du får ikkje tilbod om plass på lågare ønske.
    • Tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på høgare ønske? 
      Du bør svare ja til begge delar. Men dersom du seinare får tilbod om plass på eit høgare ønske, har du ikkje lenger plassen du takka ja til tidlegare.
    • Berre tilbod om ventelisteplass? 
      Du bør svare ja. Svarar du nei, blir du teken ut av inntakssystemet.
Sjå også Svar på tilbod om plass

Svarfrist

Du må svare på tilbod om plass ca. ei veke etter at du fikk tilbodet.

Førehandssvar

Du kan registrere førehandssvar på vigo.no frå 2. mars til 1. juli (i dei fleste fylka).

Test at du får til å logge inn på vigo.no med MinID i god tid før svarfristen!

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.