Skolegang i andre fylke



Hovudregelen er at du skal søkje og få tilbod om skoleplass i det fylket du bur i.* Det er likevel mogleg å søkje skoleplass i andre fylke.

Ordningar der søkjarar blir prioriterte likt

Avtale mellomm nabofylker

  • Nokre nabofylke har spesielle avtalar om å tilby plassar på tvers av fylkesgrensene. Slike avtalar kan gjelde ein spesifikk type søkjarar, til dømes søkjarar som bur nær ein skole i nabofylket. Les meir i informasjonen frå fylket ditt nedanfor.
Landslinjer eller landsdekkjande tilbod

Søkjer du skoletilbod som er omfatta av ordningane som er nemnde ovanfor, konkurrerer du på lik linje med andre søkjarar, uavhengig av om du bur i fylket der skolen ligg, eller ikkje.

* Det er den folkeregistrerte adressa di 1. mars (eller ein annan dato fylket har bestemt) som tel. Dersom du skal flytte med eller til føresette i eit anna fylke etter søknadsfristen, må du kontakte inntakskontoret i dette fylket for informasjon om kva reglar og dokumentasjonskrav som gjeld. Les meir om flytting.  

Søkjarar frå andre fylke blir prioriterte etter dei som bur i fylket

Utover ordningane som er nemnde ovanfor, er det mogleg å søkje om skoleplass i eit anna fylke enn der du er busett, men du blir prioritert etter dei som er busette i fylket.

Desse reglane gjeld når du søkjer om plass i eit anna fylke:

  • Du må registrere ein eigen søknad på vigo.no som blir lagd inn på det fylket der skolen ligg.
  • Søkjarane som er busett i fylket får tilbod om skoleplass først.
  • Deretter får prioriterte søkjarar frå andre fylke tilbod om plass.*
  • Dersom det framleis er ledige plassar ved skolen og programområdet du søkjer til, kan du konkurrere deg inn på grunnlag av karakterar.
  • Dersom det er ledige plassar og fylket kan tilby deg ein plass, vil du i dei fleste tilfella ikkje få melding om dette før ved siste inntak i august.

Les informasjonen frå fylket ditt nedanfor. Inntakskontoret i fylket du søkjer til, kan også gje deg nærare informasjon.

* Prioriterte søkjarar frå andre fylke (prioritert gjesteelev)
  • Søkjarar med ungdomsrett som har tungtvegande sosiale eller pedagogiske grunnar for å gå på skole i eit anna fylke enn heimfylket sitt, kan søkje om å bli prioriterte i dette fylket (dette blir kalla prioritert gjesteelev).
  • Søkjarar med ungdomsrett som har rett til opplæring i samisk, og som har behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag, kan også søkje om å bli prioriterte.
  • Kontakt inntakskontoret i fylket der skolen ligg, for nærare informasjon om vilkår og framgangsmåte, og informasjon om korleis du søkjer. Sjølve skolesøknaden registrerer du på vigo.no, der du legg han inn på det fylket skolen ligg i.

Skoleplass i fleire fylke

Hugs at datoar for inntaksmelding kan variere frå fylke til fylke. Dersom du søkjer skoleplass i fleire fylke, kan tilbod om skoleplass kome på ulike datoar gjennom sommaren. Det er viktig at du seier frå deg plassar du ikkje skal ta imot, slik at dei kan gå vidare til andre søkjarar.

Statlege skolar

Staten driv sjølv nokre vidaregåande skolar:

Alle kan søkje statlege skolar.

 

Informasjon frå Møre og Romsdal



Gjesteelevar

 § 6-4 i forskrift til opplæringslova regulerer inntaket av prioriterte gjesteelevar.

Eksempel på særlege pedagogiske eller sosiale grunnar til å gå på skole i eit anna fylke kan vere mobbesaker, tilbod om helsebehandling i Møre og Romsdal, eige fylke har ikkje tilbodet som søkaren ønskjer, og kortare reiseveg til skolar i Møre og Romsdal. Lista er ikkje uttømmande, men må vurderast individuelt. Søkarar med ungdomsrett frå andre fylke som får innvilga søknad om å få vere prioritert gjesteelev i Møre og Romsdal, vil få fylkespoeng og ungdomsrett.

 

Søkarar frå Møre og Romsdal til andre fylker  

Samarbeidsavtale med Trøndelag

Det er inngått avtale mellom Trøndelag og Møre og Romsdal for søkarar med ungdomsrett.

Regionale tilbod

Møre og Romsdal har avtale med Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark for søkarar med ungdomsrett om tilbod vi ikkje har i eige fylke. Tilboda skal søkast på Møre og Romsdal sitt skjema på vigo.no. Dersom du ikkje har ungdomsrett eller ikkje er busett i Møre og Romsdal må du søke direkte til skulefylket på vigo.no til dei regionale tilboda.

Særlege pedagogiske eller sosiale grunnar

Søkarar med ungdomsrett som er frå Møre og Romsdal, og som kan dokumentere særlege pedagogiske eller sosiale grunnar, og ønsker skuleplass i eit anna fylke, må vende seg til det aktuelle skulefylket for å søke om å få vere gjesteelev. Det skal søkast på det aktuelle fylket sitt skjema på vigo.no.

Kortare reiseveg

Søkarar med ungdomsrett som ønsker skuleplass i andre fylker på grunn av kortare reiseveg, må vende seg til skulefylket for å søke om å få vere gjesteelev. Det skal søkast på det aktuelle fylket sitt skjema på vigo.no.

Husk å søke i eige fylke på vigo.no då retten til vidaregåande opplæring alltid er knytt til heimfylket.

 

Søkarar frå andre fylker til Møre og Romsdal

Møre og Romsdal kan ta inn søkarar med ungdomsrett frå grensefylka våre, dersom det ligg føre avtale om det. Søkarane med avtale frå grensefylke vil konkurrere på lik linje med Møre og Romsdal sine søkarar.

I tillegg til å registrere søknaden på vigo.no må søkaren sende grunngjeve brev til Møre og Romsdal fylkeskommune saman med dokumentasjon på årsaka til søknaden. Søkarar blir berre tekne inn som gjesteelev dersom Møre og Romsdal har ledig kapasitet.

Søknadar utan grunngjeve brev og dokumentasjon blir ikkje behandla, men søkaren får stå på venteliste til tilbod som er søkt i Møre og Romsdal. Søkarar kan få plass dersom det blir ledig kapasitet.

For sikker innsending av søknad med dokumentasjon, logg inn via eDialog

Husk å søke i eige fylke på vigo.no då retten til vidaregåande opplæring alltid er knytt til heimfylket.