Vis meny

Registrer søknaden din på vigo.no

vigo.no

vigo.no er nettstaden for deg som søkjer vidaregåande skole og formidling til læreplass i bedrift. Mange private vidaregåande skolar har søking direkte til skolen.

Elektronisk ID

Når du skal bruke offentlege tenester på Internett, er sikker identifisering nødvendig. Elektronisk ID gjer kommunikasjonen trygg mellom deg og det offentlege, for eksempel når du skal søkje skoleplass. Derfor må du bruke elektronisk ID for å logge inn på vigo.no. Du kan velje mellom fire elektroniske ID-ar: MinID, BankID, Buypass og Commfides. På eid.difi.no får du hjelp og brukarstøtte til alle dei fire elektroniske ID-ane. Her på vilbli.no finn du berre informasjon om MinID. 

Logg inn på vigo.no med MinID

Når du skal bruke MinID første gongen, må du identifisere deg med PIN-kode:

  • Du får brev med PIN-kodar til MinID i posten ved årsskiftet (dersom du ikkje har brukt MinID tidlegare).
  • Dersom du ikkje har fått PIN-kodebrevet, kan du bestille det på skatteetaten.no/pin.
Første gong du bruker MinID
  • Gå til vigo.no
  • Logg inn med MinID. Du treng 
    • fødselsnummer (11 siffer)
    • PIN-kodar frå kodebrev  
  • Registrer deg som brukar med
    • sjølvvalt passord
    • mobilnummer*
    • avkryssing for kode på SMS
    • e-postadresse
Neste gong du bruker MinID
  • Gå til vigo.no
  • Logg inn med MinID. Du treng
    • fødselsnummer
    • sjølvvalt passord 
    • kode på SMS*

Tips
Test at du får til å logge inn på vigo.no med MinID med fødselsnummer, sjølvvalt passord og kode på SMS!

 

Registrer søknaden din på vigo.no

  • Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no.
  • Registrer søknaden din. Du finn informasjon på søkjesida.
  • Les instruksjonane nøye.
  • Sjå også Kva kan du søkje?.
  • Treng du hjelp med søknaden? Kontakt rådgivar på skolen din.
  • Hugs å skrive ut kvittering av søknaden før du loggar ut.
  • Har du avslutta grunnkolen i utlandet, må du kontakte fylket du skal flytte attende til før du kan søkje vidaregåande opplæring på vigo.no.

Endre opplysningar om deg på vigo.no

  • Før søknadsfristen kan du endre søknaden din når du vil på vigo.no.
  • Får du nytt mobilnummer eller ny e-postadresse må du
    • endre opplysningane på vigo.no (før 1. juli i dei fleste fylka)
      – hugs at du også må oppdatere mobilnummer og e-postadresse i MinID.
    • melde frå til inntakskontoret (etter 1. juli i dei fleste fylka).
    Tenk om ein annan får inntaksmeldinga di!

Vedlegg til søknaden

  • Merk alle vedlegg med fødselsnummer.
  • Pass på at du har så mange eksemplar av kvart vedlegg som det skal vere.
  • Send alle vedlegg til søknaden din per post til inntakskontoret i heimfylket ditt innan utløpet av søknadsfristen.

Kvar du får tak i vedleggskjema, finn du i informasjonen frå fylket ditt.

Hjelp til MinID

Viktig!
 

Har du gløymt passordet?

  • Gå til vigo.no  
  • Logg inn med MinID
  • Vel «gløymt passord» og skriv inn fødselsnummeret ditt
  • Du vil nå få to kodar: éin på SMS og éin på e-post
  • Har du ikkje mobiltelefonen eller e-posten din tilgjengeleg, må du bruke PIN-kode frå kodebrevet

Har du ikkje PIN-kodebrev?

  • Bestill PIN-kodebrev på skatteetaten.no/pin.
  • PIN-kodane kan berre sendast til den folkeregistrerte adressa di.

* Har du ikkje mobiltelefon?

  • Utan mobiltelefon må du bruke PIN-kodar frå kodebrevet kvar gong du skal logge inn på vigo.no med MinID.
  • Du treng også fødselsnummeret ditt og det sjølvvalde passordet ditt til MinID.

Treng du meir hjelp?

Kontakt brukarstøtta for MinID og elektronisk ID på

eid.difi.no finn du hjelpefilmar og svar på vanlege spørsmål.

Søknad på papir

I somme fylke kan du sende papirsøknad. Rådgivaren på skolen din og inntakskontoret kan fortelje deg om dette gjeld i heimfylket ditt.

 

Informasjon frå Møre og Romsdal

Vedleggsskjema for Møre og Romsdal

Alle vedleggsskjema finn du på heimesidene til Møre og Romsdal fylke

Unntak

Du som ikkje har norsk personnummer må sende inn søknad på papir. Søknadsskjema får du ved å ta kontakt med Utdanningsavdelinga på e-post: inntak@mrfylke.no