Privatskolar – frittståande skolar med rett til statstilskot



Du kan ta vidaregåande opplæring ved privatskole. Dette er frittståande skolar som er godkjende etter privatskoleloven og dermed har rett til statstilskot. Desse skolane tilbyr opplæring etter offentlege læreplanar eller etter læreplanar som Utdanningsdirektoratet har vurdert som jamgode med desse. Privatskolane gir standpunktkarakterar og utferdar vitnemål.

Dersom du ønskjer å gå på ein privatskole, må du rekne med å betale skolepengar av eiga lomme. Det er likevel ei øvre grense for kor mykje desse skolane kan ta i skolepengar.

I privatskolar er gratisprinsippet for trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr innført, på same måte som i offentleg vidaregåande skole (med unntak av dei skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt i offentleg vidaregåande skole). Det same gjeld ordninga med utstyrsstipend for elevar med ungdomsrett. Denne ordninga blir forvalta av Lånekassen. Les meir under Økonomi, bustad og skyss.

Hugs at når du tek opplæring ved ein privatskole som følgjer offentlege læreplanar eller alternative, jamgode læreplanar, bruker du av retten din til tre års vidaregåande opplæring.

Det finst òg private skolar som ikkje har rett til statstilskot. Dette gjer at det ofte er svært kostbart å vere elev ved ein slik skole. Fleire av desse skolane tilbyr opplæring etter offentlege læreplanar, men dei gir ikkje standpunktkarakterar. Går du på ein slik skole, må du gå opp til eksamen i alle fag som privatist.

Meir informasjon om privatskolar

Informasjon frå Møre og Romsdal



Søknad til private vidaregåande skolar i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått avtale med Vestborg vidaregåande skule og Akademiet videregående skole i Ålesund om at søkarane skal sende ein felles søknad til dei fylkeskommunale skolane og dei private vidaregåande skolane. Avtalen gjeld berre søkinga, og inntaket blir gjort av dei private skolane.

Søkarar frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal berre sende inn ein søknad, anten dei søker programområder ved dei private vidaregåande skolane og/eller fylkeskommunale vidaregåande skolar. Programområder og skoleønsker skal settast opp i prioritert rekkjefølgje på Vigo.no.

NB: Du bør også setje opp ønske ved offentlege vidaregåande skolar på søknaden din. Dersom du berre har sett opp ønske ved private skolar og ikkje får tilbod, kan du risikere å stå utan skoleplass til hausten. 

Søkarane til dei private vidaregåande skolane vil få svar direkte frå skolane i mai. Dersom du har spørsmål om inntak til ein privat skole må du vende deg direkte til skolen. Du skal gje ditt svar på om du tek imot skoleplassen eller ikkje direkte til den aktuelle skolen.

Dersom du har ein privat skole som ditt første skoleønske på søknaden din, og svarer ja til eit eventuelt tilbod her, er du ikkje med å konkurrerer om skoleplass ved skolar du har som lågare ønsker meir.

Elevar ved dei private vidaregåande skolane må betale skolepengar. Sjå meir på skolane sine heimesider:

Vestborg vgs
Akademiet vgs, Ålesund