Praksisbrevkandidat
- Du kan ta ei praksisbrevprøve etter to års opplæring.
- Etter oppnådd praksisbrev kan du anten gå ut i arbeidslivet eller teikne ein ordinær lærekontrakt med sikte på fag-/sveinebrev.
Rådgjevaren på skolen din, inntakskontoret eller fagopplæringa vil kunne gje deg svar på om ordninga med praksisbrev gjeld i ditt fylke.
Opplæringskontrakt
Praksisbrevkandidaten inngår ein skriftleg opplæringskontrakt med ei godkjend lærebedrift eller eit opplæringskontor når læreforholdet tek til. Dei same reglane gjeld for ei opplæringskontrakt som for ein lærekontrakt.
Praksisbrevprøve
Som praksisbrevkandidat avsluttar du opplæringa med ei praksisbrevprøve.
- Du skal prøvast ut frå dei kompetansemåla som er fastsette for opplæringa di.
- Praksisbrevprøva skal dokumentere den kompetansen som er oppnådd.
- Ved praksisbrevprøva gjeld karakterskalaen «Bestått mykje godt», «Bestått» og «Ikkje bestått».
Ei praksisbrevprøve dokumenterer grunnkompetanse og er ei prøve på eit lågare nivå enn fag-/sveineprøva.
Rettar og plikter som praksisbrevkandidat
Praksisbrevkandidatar har dei same rettane og pliktene som lærlingar – sjå «Rettar og plikter som lærling». Dette gjeld for praksisbrevkandidatar:
- Læreplanen blir erstatta med utvalde kompetansemål frå Vg1, Vg2 og Vg3 / opplæring i bedrift frå det aktuelle utdanningsprogrammet.
- Fag-/sveineprøva blir erstatta av praksisbrevprøva.
- Lærekontrakten blir erstatta med ein opplæringskontrakt.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har eit tilbod om praksisbrevordning i samarbeid med Kristiansund videregående skole.