Poengutrekning ved inntak til studium ved høgskolar og universitet



Opptak til dei fleste studium etter vidaregåande opplæring er regulert med konkurranse om plassane. Det reknast ut karakterpoeng på grunnlag av vitnemål frå vidaregåande opplæring og tilleggspoeng for ymse anna. Summen av karakterpoeng og tilleggspoeng tel når du søkjer.

Nokre studium har opptaksprøve som tel i tillegg til, eller i staden for, karakterpoeng og tilleggspoeng.

Regelverket nedanfor gjeld frå opptak til studieåret 2016–2017, så langt dette er kjent. Sjå også www.samordnaopptak.no/info/

Karakterpoeng

  • For deg som har 3-årig vidaregåande opplæring skal alle fag med talkarakterar reknast med ved utrekninga av karakterpoeng.
  • Karakterpoeng er gjennomsnittet av alle talkarakterar (med to desimalar) multiplisert med 10.
  • Viss du har forbetra ein karakter i eit enkeltfag som privatist, vil den nye eksamenskarakteren du har fått som privatist erstatte både den gamle eksamens- og standpunktkarakteren viss det løner seg for deg.

Tilleggspoeng for realfag og framandspråk

Det blir gitt inntil 4 tilleggspoeng. Det blir ikkje gitt utteljing for fag som overlappar kvarandre.
  • Det blir gitt 1 tilleggspoeng for kvart av realfaga matematikk R2 og fysikk 2 og for programfaget framandspråk III.
  • Andre programfag frå programområde for realfag og programfag i framandspråk med eit omfang på 140 timar gir 0,5 tilleggspoeng.
  • Programfaga latin og gresk med eit omfang på 140 timar gir 0,5 tilleggspoeng.
  • Studieførebuande Vg3 i utdanningsprogram for naturbruk gir 0,5 tilleggspoeng.
  • Annan offentleg godkjend vidaregåande opplæring, IB-diplom, fransk baccalauréat og utdanning frå utlandet kan gi tilleggspoeng, sjå kapittel 7 i forskrift om opptak til høyere utdanning.
  • Ver merksam på at det ikkje kan givast meir enn 1,5 tilleggspoeng for same fag. Det blir heller ikkje gitt tilleggspoeng for framandspråk som fellesfag eller for programfag i engelsk.

Tilleggspoeng for underrepresentert kjønn

  • Det blir gitt 1 eller 2 tilleggspoeng til søkjarar av det kjønn som er klart underrepresentert blant studentar eller yrkesutøvarar for vedkomande utdanning.

Tilleggspoeng for opptaksprøve

Tilleggspoeng for alder

  • Er du søkjar utanom kvota for førstegongsvitnemål, med vitnemål for bestått treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse, blir det gitt 2 alderspoeng per år frå og med det året du fyller 20 år, maksimalt 8 poeng.
  • Er du 23/5-søkjar, blir det gitt 2 alderspoeng per år frå og med det året du fyller 24 år, maksimalt 8 poeng.

Tilleggspoeng for høgare utdanning, eitt års folkehøgskole, sivilteneste eller militær førstegongsteneste

  • Eit fullført halvårig studium eller 30 studiepoeng ved universitet eller høgskole gir 1 tilleggspoeng
  • Eit fullført studium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskole gir 2 tilleggspoeng
  • Eitt års folkehøgskole med godkjend dokumentasjon gir 2 tilleggspoeng
  • Fullført sivilteneste / militær førstegongsteneste gir 2 tilleggspoeng
  • Det blir maksimalt gitt 2 tilleggspoeng etter denne avgjerda.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.