Personvern/cookies



Når samlar vilbli.no inn personopplysningar?

Personopplysningar er opplysningar som kan koplast til deg som person, til dømes namn og kontaktopplysningar. På vilbli.no samlar vi inn personopplysningar i desse tilfella:

Kontaktskjema

Dersom du kontaktar redaksjonen eller inntakskontora i fylka ved å bruke kontaktskjemaet under «Kontakt oss» på vilbli.no, blir namnet ditt og e-postadressa di lagra for å kunne kome i kontakt med deg. Namnet og e-postadressa blir ikkje brukt til andre føremål enn dette.

Tilbakemeldingsfunksjonen «Fann du det du leita etter?»

Ved å bruke tilbakemeldingsknappen nedst på vilbli.no kan du gje tilbakemelding på om du fann informasjonen du leita etter. Vi brukar tilbakemeldinga til å betre innhaldet på nettstaden. Du kan leggje att kontaktinformasjonen din dersom du ønskjer svar. Vi lagrar e-postadressa di for å kunne kome i kontakt med deg om denne tilbakemeldinga. E-postadressa di blir ikkje brukt til andre føremål enn dette.

Cookies som blir brukte på vilbli.no

Den reviderte ekomlova tok til å gjelde 1. juli 2013 og har fått ei ny føresegn om vilkåra knytte til lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla «cookie-paragrafen», jf. ekomlova § 2-7b.
Lagring av opplysningar og behandling av desse opplysningane er ikke lov om ikkje brukare er informert om, og har gitt samtykke til, kva for opplysningar som blir behandla, kva formålet med denne behandlinga er, ogkven som behandlar opplysningane.

Nedanfor finn du informasjon om bruken av informasjonskapslar/cookies på vilbli.no. Ved å gå inn og hente informasjon og/eller nytte tenester på vilbli.no, samtykkjer du i at det blir sett informasjonskapslar i nettlesaren din – i og med at dei fleste nettlesarar er stilte inn slik at dei automatisk aksepterer cookies. Dersom du ikkje vil akseptere vår bruk av cookies, kan du gå inn og trekkje tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren. Du bør vere merksam på at dette kan føre til at tenestene på vilbli.no ikkje fungerer optimalt.

Google Analytics

Google Analytics er ei nettanalyseteneste som blir levert av Google, Inc. («Google»). Google Analytics bruker cookies for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden. Informasjonen som blir generert av ein slik cookie ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, blir send til Google og lagra på serverar i USA. På vilbli.no bruker vi anonymizeIP, ein funksjon som gjer at ein enkeltbrukar ikkje kan bli  identifisert. Google bruker denne informasjonen for å vurdere bruken av nettstaden, setje saman rapportar om aktivitetar på nettstaden for eigaren av nettstaden, og for å yte andre tenester i tilknytting til aktivitetar på nettstaden og bruk av Internett.

Google kan òg overføre denne informasjonen til tredjepartar dersom det er krav om dette etter lova eller i tilfelle der tredjepartar behandlar informasjonen på vegner av Google. Google vil ikkje kople IP-adressa di med annan informasjon Google har.

vilbli.no bruker Google Analytics for å analysere bruken av vilbli.no. Dette gir informasjon om kva for sider som er mest besøkte, kvar brukarane kjem frå, på kva for tidspunkt sidene er mest besøkte, osv.

AddThis

Desse cookiesane er tredjepart sine informasjonskapslar som er laga av AddThis. Dei lèt brukarar dele innhald via nettstader for sosiale medium, og e-post. Dersom du bruker delefunksjonen, kan AddThis lagre ein informasjonskapsel på eininga di for å gjere det enklare å bruke tenesta neste gong. Berre vilkårleg genererte tal blir lagra. Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra.

Cookies i samband med AddThis er tredjepart sine cookies som ikkje blir nytta av vilbli.no direkte. vilbli.no bruker AddThis for å la brukarar av vilbli.no dele innhaldet på sidene i sosiale medium, via e-post eller andre digitale kanalar.

PRUM_EPISODES

Pingdom Real User Monitoring javascript widget bruker cookies for å monitorere oppetid og og yting på vilbli.no.

Vilblino

Dette er vilbli.no’s eigen session-cookie. Denne cookies-en lèt nettserveren forbetre nettopplevinga di ved å hugse handlingane og vala dine på vilbli.no.

Blir f.eks. nytta for å hugse kva for undermenypunkt du sist valde, og kva for programområde du har utforska på vilbli.no, og kan vise strukturkartet og menyen ekspandert om du hoppar fram og tilbake mellom innhald og meny.

Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra.

Spørjingar til tredjepart / third party requests

Dette er spørjingar som kjem frå eksterne tenesteleverandørar. Sjølv om desse spørjingane ikke set nokon cookies, kan dei framleis overføre informasjon til tredjepart. Google Analytics arbeider gjennom spørjingar til tredjepart.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.