Overgangsreglar frå Reform 94 til Kunnskapsløftet
Som hovudregel gjeld følgjande:
- Har du fullført og bestått eit grunnkurs i Reform 94 før 1. august 2010, kan dette i utgangspunktet godkjennast som Vg1 innanfor same fagområdet i Kunnskapsløftet, og du kan søkje Vg2.
- Har du fullført og bestått VKI i Reform 94 før 1. august 2010, kan dette i utgangspunktet godkjennast som tilsvarande Vg2 innanfor det same fagområdet i Kunnskapsløftet, og du kan søkje Vg3.
Rådgivar eller leiinga ved skolen din, eller inntakskontoret i fylket ditt, kan gi deg nærare informasjon om kva for Vg2 eller Vg3 du er kvalifisert for å søkje.
Studieførebuande utdanningsprogram
Du som har fullført og bestått grunnkurs i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag eller musikk, dans og drama, må vere merksam på følgjande:
Matematikk
Avsluttar du vidaregåande opplæring våren 2009 eller seinare, er kravet til studiekompetanse minimum 224 årstimar matematikk (mot 5 veketimar / 140 årstimar tidlegare). Bestått felles allment fag matematikk frå grunnkurs i Reform 94 i kombinasjon med minimum 3 veketimar matematikk som studieretningsfag i Reform 94 vil tilfredsstille kravet til generell studiekompetanse i Kunnskapsløftet.
Samfunnsfag
Blir du teken inn til Vg2 i programområde for realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi frå grunnkurs allmenne, økonomiske og administrative fag i Reform 94, må du dokumentere bestått 84 årstimar samfunnsfag for å oppfylle krava til generell studiekompetanse i Kunnskapsløftet.
Fellesfag
Det er fastsett at faga i studieførebuande utdanningsprogram nedanfor kan reknast som likeverdige ved overgang frå Reform 94 til Kunnskapsløftet. Veketimetalet er oppgjeve i einingar à 45 minutt. Årstimetalet i parentes er oppgjeve i einingar à 60 minutt.
Reform 94 | Kunnskapsløftet | ||
Veke- timar | Felles allmenne fag | Veketimar/ årstimar | Fellesfag |
4 | Norsk (GK) | 4 (113) | Norsk (Vg1) |
5 | Engelsk (GK) | 5 (140) | Engelsk (Vg1) |
5 | Matematikk 1MX (GK) | 5 (140) | Matematikk 1T (Vg1) |
5 | Matematikk 1MY (GK) | 5 (140) | Matematikk 1P (Vg1) |
5 | Naturfag (GK) | 5 (140) | Naturfag (Vg1) |
2 | Samfunnslære (VK1) | 3 (84) | Samfunnsfag (Vg1/Vg2) |
2 | Geografi (VK1) | 2 (56) | Geografi (Vg1/Vg2) |
2 | Kroppsøving (GK) | 2 (56) | Kroppsøving (Vg1) |
4 | B-språk (GK) | 4 (113) | Framandspråk nivå II (Vg1) |
4 | C-språk (GK) | 4 (113) | Framandspråk nivå I (Vg1) |
5 | Norsk (VK1) | 4 (112) | Norsk (Vg2) |
3 | Eldre historie (VK1) | 2 (56) | Historie (Vg2) |
4 | B-språk 2 (VK1) | 4 (112) | Framandspråk nivå II (Vg2) |
4 | C-språk 2 (VK1) | 4 (112) | Framandspråk nivå I (Vg2) |
2 | Kroppsøving (VK1) | 2 (56) | Kroppsøving (Vg2) |
5 | Norsk (VK2) | 6 (168) | Norsk (Vg3) |
3 | Religion og etikk (VK2) | 3 (84) | Religion og etikk (Vg3) |
4 | Nyare historie (VK2) | 4 (113) | Nyare historie (Vg3) |
4 | C-språk 3 (VK2) | 5 (140) | Framandspråk nivå II (Vg3) |
2 | Kroppsøving (VK2) | 2 (56) | Kroppsøving (Vg3) |
Programfag
Dei fleste studieretningsfag frå Reform 94 kan, etter bestemte reglar, godkjennast som programfag i Kunnskapsløftet dersom krav til fordjuping og totalt timetal er oppfylte. Ta kontakt med leiinga eller rådgivar ved skolen, eller inntakskontoret, for å få nærare informasjon. Vedtektene om dette er fastsette av Utdanningsdirektoratet.
Viss eit fag frå Reform 94 blir vidareført på eit høgare nivå i Kunnskapsløftet, er du alltid sjølv ansvarleg for å skaffe deg nødvendig fagleg grunnlag for å kunne fortsetje med faget.
Yrkesfaglege utdanningsprogram
Faga nedanfor reknast som likeverdige ved overgang frå Reform 94 til Kunnskapsløftet. Veketimetalet er oppgjeve omtrentleg i einingar à 45 minutt. Årstimetalet i parentes er angitt i einingar à 60 minutt.
Reform 94 | Kunnskapsløftet | ||
Veke- timar | Felles allmenne fag | Veketimar/ årstimar | Fellesfag |
2 | Norsk (GK) | 2 (56) | Norsk (Vg1) |
2 | Engelsk (GK) | 3 (84) | Engelsk (Vg1) |
3 | Matematikk 1M (GK) | 3 (84) | Matematikk 1P eller 1T (Vg1) |
2 | Naturfag (GK) | 2 (56) | Naturfag (Vg1) |
2 | Kroppsøving (GK) | 2 (56) | Kroppsøving (Vg1) |
2 | Norsk (VK1) | 2 (56) | Norsk (Vg2) |
2 | Engelsk (VK1) | 2 (56) | Engelsk (Vg2) |
2 | Samfunnslære (VK1) | 3 (84) | Samfunnsfag (Vg2) |
2 | Kroppsøving (VK1) | 2 (56) | Kroppsøving (Vg2) |
Kva grunnkurs frå Reform 94 som kan godkjennast som tilsvarande Vg1 i Kunnskapsløftet, er fastsett av Utdanningsdirektoratet. Rådgivar eller leiinga ved skolen, eller inntakskontoret, kan gi deg nærare informasjon.
Det er fylkeskommunen som fastsett kva VK1 som kan godkjennast som grunnlag for Vg3 i skole eller bedrift i Kunnskapsløftet.
Nye nemningar
Reform 94 | Kunnskapsløftet | |
Studieretning | Utdanningsprogram | |
Kurs | Programområde | |
Grunnkurs | Vidaregåande trinn 1 | |
GK | Vg1 | |
Vidaregåande kurs 1 | Vidaregåande trinn 2 | |
VK1 | Vg2 | |
Vidaregåande kurs 2 | Vidaregåande trinn 3 | |
VK2 | Vg3 | |
Felles allmenne fag | Fellesfag | |
Studieretningsfag | Felles programfag | |
Valfrie programfag (studieførebuande) | ||
Prosjekt til fordjuping (yrkesfagleg) | ||
Valfag | Utgår |
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.