Om vilbli.no
vilbli.no – informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring
Fylkeskommunene, KS og Utdanningsdirektoratet har gått saman om å etablere ei informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring – vilbli.no. Her finn søkjarane oppdatert og kvalitetssikra informasjon om vidaregåande opplæring til ei kvar tid. På grunnlag av denne informasjonen skal søkjarane kunne gjere sine val.
Målgruppene for vilbli.no er ungdom og vaksne som skal søkje vidaregåande opplæring samt rådgivarar og foreldre. vilbli.no skal vere søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring.
vilbli.no gir informasjon om utdanningsprogram, programområde og yrke/kompetansar, i tillegg til informasjon om regelverk, inntakskrav, inntaksreglar og søknadsprosedyrer. Det er både generell informasjon og informasjon frå det enkelte fylket. I januar kvart år blir skoletilboda for det kommande skoleåret tilgjengelege på vilbli.no (for nokre fylke er skoletilboda tilgjengelege før dette).
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.