Økonomi – vaksne
Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har òg ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring med naudsynte trykte og digitale læremiddel og utstyr. For meir informasjon, sjå Gratis læremiddel og utstyr.
Fylkeskommunen kan påleggje deg å betale eigenandel for berbar pc og halde deg med anna naudsynt individuelt utstyr, som kladdebøker, kalkulator, arbeidstøy m.m.
Som vaksen kan du søkje Lånekassen om andre stipend og/eller lån til å dekkje livsopphald. Ver òg merksam på at både arbeidsgivaren din og fagforeninga di kan gi deg støtte til vidaregåande opplæring.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.