Minoritetsspråklege søkjarar



For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha gyldig opphaldsløyve, permanent eller avgrensa. I tillegg må du ha

  • gjennomført norsk grunnskole eller
  • gjennomført allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år eller 
  • tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne, vurdert av kommunen.

Ventar på vedtak om opphaldsløyve

Er du lovleg i landet og ventar på vedtak om opphaldsløyve, gjeld følgjande:
  • Er du under 18 år og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i mer enn tre månedar, har du rett til vidaregåande opplæring.
  • Fyller du 18 år i løpet av eit skoleår, har du rett til å fullføre påbegynt skoleår.
Får du avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregående opplæring fram til endeleg vedtak.

Norden og EØS

Ungdom frå dei nordiske landa eller barn av arbeidstakarar frå andre EØS-land har same rett til vidaregåande opplæring som ungdom med utdanning frå norsk grunnskole (sjå òg Skolegang i utlandet).

Folkeregisteret

Vanligvis må du vere registrert i folkeregisteret før søknadsfristen for å bli vurdert for inntak.

Utan norsk karaktergrunnlag

Har du ikkje et karaktergrunnlag som er samanliknbart med det norske, vil du bli vurdert individuelt (sjå òg Inntak etter individuell behandling).

Norsk språk

Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregående opplæring.
Er du nykomen innvandrar med rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova, bør du ta norskopplæringa før du begynner i vidaregåande skole. Nærare informasjon får du i bustadkommunen din.

Tilbod for minoritetsspråklege

Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.

  • Dersom du ikke har gode nok ferdigheiter i norsk, kan du ha rett til å bruke meir enn tre år på opplæringa. Sjå Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar
  • Du kan òg få tilbod om eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar / førebuande Vg1 før inntak til eit ordinært Vg1. Dersom du tek eit slikt innføringsår, bruker du ikkje av den treårige opplæringsretten. Hugs at den treårige retten likevel må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år. 
  • Sjå òg Tilrettelagt løp i studieførebuande utdanningsprogram.

Sidan fylkeskommunane har ansvaret for å leggje opplæringa til rette for minoritetsspråklege søkjarar, kan inntaksreglane og tilboda variere frå fylke til fylke. Søknadsfristen er 1. februar for minoritetsspråklege med behov for tilrettelegging.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Informasjon frå Møre og Romsdal vil vere klar i løpet av hausten

Møre og Romsdal har tilleggsinformasjon til dette emnet. Informasjonen vil bli publisert her så snart han er klar.

  • Det er viktig at du les tilleggsinformasjonen frå Møre og Romsdal.
  • Hald deg derfor oppdatert på vilbli.no utover hausten!

Her kan du lese informasjonen som gjeld for dette skuleåret:
Minoritetsspråklege søkjarar (skuleåret 2023-2024)