Minoritetsspråklege søkjarar
For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha gyldig opphaldsløyve, permanent eller avgrensa. I tillegg må du ha
- gjennomført norsk grunnskole eller
- gjennomført allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år eller
- tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne, vurdert av kommunen.
Ventar på vedtak om opphaldsløyve
Er du lovleg i landet og ventar på vedtak om opphaldsløyve, gjeld følgjande:- Er du under 18 år og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i mer enn tre månedar, har du rett til vidaregåande opplæring.
- Fyller du 18 år i løpet av eit skoleår, har du rett til å fullføre påbegynt skoleår.
Norden og EØS
Ungdom frå dei nordiske landa eller barn av arbeidstakarar frå andre EØS-land har same rett til vidaregåande opplæring som ungdom med utdanning frå norsk grunnskole (sjå òg Skolegang i Norden).
Folkeregisteret
Vanligvis må du vere registrert i folkeregisteret før søknadsfristen for å bli vurdert for inntak.
Utan norsk karaktergrunnlag
Har du ikkje et karaktergrunnlag som er samanliknbart med det norske, vil du bli vurdert individuelt (sjå òg Inntak etter individuell behandling).
Norsk språk
Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregående opplæring.
Er du nykomen innvandrar med rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova, bør du ta norskopplæringa før du begynner i vidaregåande skole. Nærare informasjon får du i bustadkommunen din.
Tilbod for minoritetsspråklege
Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.
- Dersom du ikke har gode nok ferdigheiter i norsk, kan du ha rett til å bruke meir enn tre år på opplæringa. Sjå Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar.
- Du kan òg få tilbod om eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar / førebuande Vg1 før inntak til eit ordinært Vg1. Dersom du tek eit slikt innføringsår, bruker du ikkje av den treårige opplæringsretten. Hugs at den treårige retten likevel må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.
- Sjå òg Tilrettelagt løp i studieførebuande utdanningsprogram.
Sidan fylkeskommunane har ansvaret for å leggje opplæringa til rette for minoritetsspråklege søkjarar, kan inntaksreglane og tilboda variere frå fylke til fylke. Søknadsfristen er 1. februar for minoritetsspråklege med behov for tilrettelegging.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Minoritetsspråklege som nyleg har komme til Noreg, og som kan ha behov for og rett til særskilt språkopplæring, skal fylle ut eit vedleggsskjema for minoritetsspråklege søkarar. Skjemaet skal sendast i 1 eksemplar til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det er viktig for rask saksbehandling at kopi av vitnemål/stadfesting og all dokumentasjon vert lagt ved søknaden. Vitnemål frå utlandet skal vere oversett til norsk eller engelsk av ein godkjend omsettar.
Dersom du nettopp har kome til Noreg, eller kan så lite norsk at du ikkje får utbytte av undervisninga, har du rett til særskilt språkopplæring etter opplæringslova § 3-12. Skolen der du kjem inn vil kartlegge norskkunnskapane dine, og du får eit enkeltvedtak om du har behov for særskilt språkopplæring eller ikkje. Du har klagerett på enkeltvedtaket.
Dersom du har eller har hatt særskilt språkopplæring og av den grunn ikkje har nådd alle fagmåla i det utdanningsprogrammet du går på, kan du søkje om utvida rett til vidaregåande opplæring, jf opplæringslova §3-1, femte ledd. Du skal bruke eige skjema til dette. Skjemaet skal sendast inn saman med “Vedleggsskjema for minoritetsspråklige søkere” og søknadsfristen er 1. februar.
Møre og Romsdal fylkeskommune har ei ordning som gir minoritetsspråklege elevar som har full kompetanse som mål for den vidaregåande opplæringa, rett til å søkje om å få ta eit utdanningsprogram/programområde over 2 år. For dei elevane som har store utfordringar i høve norsk språk, er dette ei god løysing. Søknadsfrist er 1. desember.
Dersom du ikkje har norsk personnummer og av den grunn ikkje har fått tilsendt MinID, får du ikkje lagt inn søknaden på Internett. Du må da ta kontakt med utdanningsavdelinga for å få tilsendt søknadsskjema i papirutgåve, inntak@mrfylke.no
Søknadsfristen for minoritetsspråklege som er nyleg komne til Noreg eller som har enkeltvedtak om rett til særskilt språkopplæring er 1. februar.
Dersom du søker om inntak med behov for spesialundervisning, er søknadsfristen 1. februar. Det skal da ligge føre ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk Psykologisk teneste (PPT) i kommunen der du bur.
Alle andre minoritetsspråklege skal søke innan 1. mars.