Minoritetsrådgivarar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppretta stillingar som minoritetsrådgivarar ved vidaregåande skolar som har mange minoritetsspråklege elevar.
Minoritetsrådgivarane skal ha tett kontakt med elevar med minoritetsbakgrunn, foreldre, lærarar, andre rådgivarar, helseteneste og fritidstilbod. Dei skal mellom anna
- bidra til at elevar med minoritetsbakgrunn gjennomfører og består vidaregåande opplæring
- bidra med konkret rådgiving og oppfølging av enkeltelevar
- danne elev- og foreldrenettverk med tanke på å førebyggje negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, æresrelatert vald og kjønnslemlesting
Nærmare informasjon, for eksempel om kva skolar som har minoritetsrådgivarar, finn du på nettstaden www.imdi.no.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.