Minoritetsrådgivarar



Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppretta stillingar som minoritetsrådgivarar ved vidaregåande skolar som har mange minoritetsspråklege elevar.

Minoritetsrådgivarane skal ha tett kontakt med elevar med minoritetsbakgrunn, foreldre, lærarar, andre rådgivarar, helseteneste og fritidstilbod. Dei skal mellom anna

  • bidra til at elevar med minoritetsbakgrunn gjennomfører og består vidaregåande opplæring
  • bidra med konkret rådgiving og oppfølging av enkeltelevar
  • danne elev- og foreldrenettverk med tanke på å førebyggje tvangsekteskap

Nærmare informasjon, for eksempel om kva skolar som har minoritetsrådgivarar, finn du på nettstaden www.imdi.no.

Informasjon frå Møre og Romsdal



Fylkeskommunen behandlar alle minoritetsspråklege søkarar individuelt ved inntak til vidaregåande skole. Søkarane skal fylle ut og sende inn vedleggsskjema for minoritetsspråklege søkarar kvart år så lenge dei har registrert seg som minoritetsspråkleg i VIGO. Dei må leggje ved dokumentasjonen det er krav om. 

Utdanningsavdelinga har utarbeidd rutinar for arbeidet med minoritetsspråklege elevar og retten til særskilt språkopplæring, jfr opplæringslova §3-12.

Det er utarbeidd malar for enkeltvedtak om rett til særskilt språkopplæring og enkeltvedtak om at det ikkje er behov for særskilt språkopplæring.

Skolen skal informere elevar og føresette til elevar under 18 år, om at skolen vil sette i gang kartlegging av eleven sine norskkunnskapar. Utdanningsavdelinga har laga eit skriv som skolane skal sende ut til elevar/føresette for å informere om at det vert sett i gang kartlegging. Jfr forvaltningslova §16.

Skolane skal kartlegge norskkunnskapane til dei minoritetsspråklege elevane som høyrer til i målgruppa for §3-12 i opplæringslova så snart som råd etter skolestart.

Ut frå kartleggingsresultatet skal skolen utarbeide enkeltvedtak og sende til eleven. Føresette til elevar under 18 år og utdanningsavdelinga skal ha kopi med ein gang enkeltvedtaket er utarbeidd.

Dersom kartlegging undervegs i skoleåret viser at eleven må ha fleire/færre timar med særskilt språkopplæring, skal skolen utarbeide nytt enkeltvedtak. Det same gjeld dersom kartleggingsresultatet viser at eleven ikkje har behov for særskilt språkopplæring lenger.

Elevar som ikkje vil nytte seg av retten, sjølv om testresultatet viser eit behov, må skriftleg seie frå seg retten.

Elevar som har eller har hatt enkeltvedtak om rett til særskilt språkopplæring, kan etter opplæringslova §3-1, femte ledd, søkje om utvida tid i vgo. I tillegg til enkeltvedtak om særskilt språkopplæring skal det liggje føre ein uttale frå skulen om eleven sitt behov for utvida tid og ein plan for opplæringa.

Utdanningsavdelinga har sett fristen for å søke om utdanningsprogram/programområde over 2 år til 1. desember. Elevar som får godkjent retten til å bruke 2 år på eitt utdanningsprogram/programområde blir sikra skoleplass for neste skoleår. Dei skal likevel søke i VIGO og sende inn vedleggskjema for minoritetsspråklege.

Minoritetsspråklege elevar kan søke om å få utvida retten når dei er inne i det siste rettsåret (3. året i vgo) og det viser seg at dei må ha lenger tid for å nå måla dei har sett seg. Føresetnaden er at dei har hatt særskilt språkopplæring etter §3-12.