Lærekontrakt



Lærlingar teiknar lærekontrakt med lærebedrifta eller opplæringskontoret når læreforholdet tek til. Kontrakten må godkjennast av fylkeskommunen. Arbeidsforholdet med lærebedrifta tek automatisk slutt når læretida er omme, og du må teikne ny tilsetjingsavtale dersom du skal halde fram.

Fylkeskommunen kan samtykke i at læretida blir avbrote i samband med permisjon, til dømes ved svangerskap eller militærteneste.

Etter samtykke frå fylkeskommunen ka kontrakten hevast både av bedrifta og av deg som lærling/lærekandidat dersom ein av partane gjer seg skuldig i vesentlege brot på plikter i arbeidsforholdet. Kontrakten kan òg hevast dersom ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller viss du skriftleg erklærer at det vil vere ei urimeleg ulempe å gå kontraktstida ut. Viss du sjølv er «skuld i» at kontrakten blir heva, kan du miste retten til opplæring. Fylkeskommunen vedtek om retten til opplæring skal behaldast.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.