Lærarutdanning og helsefagutdanning – spesielle opptakskrav
Poeng- og karakterkrav ved opptak til lærarutdanninga
Søkjarar til grunnskolelærarutdanning og 5-årig integrert lærarutdanning må kunne dokumentere minimum 35 skolepoeng (karakterpoeng og realfagspoeng) og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3 i norsk (393 timar) og 4 i matematikk som fellesfag (224 timar).
Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (minimum R1/S1) eller tilsvarande.
For faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag krevst karakteren 3 i matematikk (224 timar).
Grunnskolelærarutdanningar med realfag, miljø- og naturfag, musikk og samisk har andre spesielle opptakskrav.
Krav til målformer i lærarutdanninga
I førskole- og grunnskolelærarutdanning er det i utgangspunktet krav om vurdering i begge målformer i norsk. Søkjarar som har vore fritekne for opplæring eller vurdering med karakter i sidemål i vidaregåande skole, eller som har utdanning frå utlandet, kan etter søknad få fritak frå ei av målformene. Aktuell studiestad kan gi nærare informasjon.
Krav om politiattest
Det kan krevjast politiattest ved opptak til studium der studentane kjem i kontakt med pasientar, klientar, barnehagebarn, elevar eller andre som del av den kliniske undervisninga eller praksisopplæringa si. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Dersom politiattesten viser at du er sikta, tiltala eller dømd for seksuelle overgrep eller anna som gjeld sedskap og vald, kan det få konsekvensar for gjennomføringa av visse utdanningar. Det gjeld mellom anna lærarutdanningar, trenar-, pedagog- og sosionomutdanningar, helsefaglege utdanningar som lege, tannlege og sjukepleiar. På nettstaden samordnaopptak.no finn du ei samla oversikt over utdanningar som er omfatta av kravet om politiattest.
Krav om medisinsk testing
I samband med praktisk/klinisk undervisning må studentar ved visse utdanningar og/eller praksisstader gjennomføre medisinsk testing, til dømes for tuberkulose. Du vil få nærare informasjon på studiestaden.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.