Kva for skolar kan du søkje på?



Hovedregelen er at du skal søkje vidaregåande opplæring i det fylket du bur i, eventuelt i nabofylke som fylket ditt har gjort spesielle avtaler med. Det er lokale reglar om kvar du kan søkje innanfor fylket ditt, om du får lov til å ønskje skole, osv.

Oversikt over skolane

Dei fleste som tek vidaregåande opplæring går eitt eller fleire år i skole som elev. Det finst både offentlege og frittståande vidaregåande skolar. Du må søkje om plass i vidaregåande skole.

fylkesoversikta finn du oversikt over alle skolane i fylket.

På sidene med utdanningsprogramma finn du oversikt over kva for skolar som tilbyr dei ulike programområda. Skoletilboda blir vedtekne kvart år i januar (for neste skoleår). Hugs å velje fylket ditt i nedtrekkslista øvst på vilbli.no!

Skolegang utanfor eige fylke, på Svalbard eller i utlandet

Det er også mogleg å ta vidaregåande opplæring andre stader. Les meir i desse avsnitta i menyen til venstre:

Kva for skolar kan du søkje på?

Informasjon frå Møre og Romsdal



Regionale tilbod

Gjennom eit gjensidig forpliktande samarbeid er det i dei nordlegaste fylka (Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark) oppretta regionale opplæringstilbod.

Dei regionale tilboda finn du saman med tilboda om programområder i fylket. Berre søkarar med ungdomsrett som er folkeregistrert i Møre og Romsdal kan søke på desse tilboda. Regionale tilbod skal prioriterast saman med eventuell søking til tilbod i Møre og Romsdal. Avgjerd om vi skal kjøpe skoleplassar ved dei regionale tilboda, vil bli tatt når vi har ei oversikt over søkinga til tilboda. Fylket har satt visse kriterium for at det blir aktuelt med kjøp av plasser ved dei regionale opplæringstilboda.

Møre og Romsdal kjøper ikkje skoleplass på eit programområde som ingen med ungdomsrett har sett opp som sitt 1. ønskje.

Søkaren må ha fullført og bestått utdanningsprogram/programområde, som det programområdet han søker byggjer på.

Det vil likevel ikkje seie at vi kjøper ein skoleplass på eit regionalt tilbod til ein spesiell søkar, sjølv om denne søkaren er den einaste som har programområdet som sitt 1. ønskje. Også dei som har sett opp programområdet som lågare prioritert ønskje, vil vere med å konkurrere om skoleplassen.

Er det søkarar som har prioritert eit regionalt tilbod på søknaden sin og fylkeskommunen ikkje kjøper plass, vil søkaren få melding om dette.

Inntak av gjesteelevar i Møre og Romsdal

§ 6-4 i forskrift til opplæringslova regulerer inntaket av prioriterte gjesteelvar.

Møre og Romsdal har lagalokal inntaksforskrift om inntak av gjesteelevar: Eksempel på særlege pedagogiske eller sosiale grunnar til å gå på skole i eit anna fylke kan vere mobbesaker, tilbod om helsebehandling i Møre og Romsdal, eige fylke har ikkje tilbodet som søkaren ønskjer, og kortare reiseveg til skolar i Møre og Romsdal. Lista er ikkje uttømmande, men må vurderast individuelt. Søkarar med ungdomsrett frå andre fylke som får innvilga søknad om å få vere prioritert gjesteelev i Møre og Romsdal, vil få fylkespoeng og ungdomsrett.

Møre og Romsdal kan ta inn søkarar med ungdomsrett frå grensefylka våre, dersom det ligg føre avtale om det. Søkarane med avtale frå grensefylke vil konkurrere på lik linje med Møre og Romsdal sine søkarar.