Kva er vidaregåande opplæring?



Når du er ferdig med 10. trinn i grunnskolen, har du rett til å ta vidaregåande opplæring.

  • Du må sjølv søkje om plass i vidaregåande opplæring.
  • Du fører opp tre utdanningsprogram i søknaden din.
  • Du kjem inn på eitt av dei tre utdanningsprogramma du ønskte mest.

Kva for utdanningsprogram skal du velje?

I vidaregåande opplæring er det 15 ulike utdanningsprogram å velje mellom. Utdanningsprogramma omfattar opplæringar innanfor ulike fagfelt, som idrettsfag, elektrofag og naturbruk. Du må finne ut kva for utdanningsprogram som passar for deg og dine interesser.

Studieførebuande eller yrkesfagleg opplæring? 
Vi skil mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

  • Ser du for deg at du vil studere vidare ved høgskole eller universitet? Studieførebuande opplæring gjer deg førebudd til høgare utdanning. Det er 5 studieførebuande utdanningsprogram.
  • Ønskjer du eit praktisk yrke etter vidaregåande opplæring? Yrkesfagleg opplæring gjev deg ein yrkeskompetanse, slik at du kan gå ut i yrkeslivet. Det er 10 yrkesfaglege utdanningsprogram.
  • Dersom du vel yrkesfag, har du også høve til å få vidare opplæring og oppnå studiekompetanse etter at du har fullført og greidd yrkesopplæringa.

Er du usikker på kva du skal velje?

  • Snakk med utdannings- og yrkesrådgjevaren på skolen din om kva for utdanningsprogram som passar best for deg.
  • Det finst fleire hjelpemiddel på Internett der du kan kartleggje interessene dine. Prøv gjerne oppgåvene «Kva kan passe for deg?». Du finn dei på framsida til vilbli.no. Dei kan gje deg ein peikepinn på kva utdanningsprogram du kan starte med å utforske.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.