Kva bør du tenkje på før du skal søkje?
Når du skal velje vidaregåande opplæring, er det lurt å tenkje gjennom kva moglegheiter du har, og kva for avgrensingar du kanskje møter. Kva bør du tenkje på før du søkjer, og korleis påverkar valet framtida?
Bu heime eller flytte?
Finst det utdanningsprogrammet du aller mest ønskjer, der du bur? Viss ikkje må du vurdere om du er villig til å bruke tid på lange reiser, eller om du kan tenkje deg å flytte heimanfrå. Nokre skolar har internatplassar. Dersom reisetida di mellom heimen og skolen utgjer minst tre timar per dag eller avstanden er minst 40 km, kan du få bortebuarstipend frå Lånekassen.
Kva krav er det for å kome inn?
Det kan vere vanskeleg å kome inn på enkelte utdanningsprogram. Karakterkrava varierer frå år til år, alt etter kor stor søkinga er. Undersøk derfor kor mange poeng du treng for å kome inn på det utdanningsprogrammet du ønskjer, men hugs at poengtalet kan endre seg frå år til år.
Kan eg velje om att dersom eg har valt feil?
Du synest kanskje at dei vala du må gjere, kan verke skremmande. Skulle det vise seg at du har valt feil, er det mogleg å ombestemme seg éin gong og gjere eitt omval, slik at du får eit ekstra opplæringsår. Det vil seie at du kan velje utdanningsprogram/programområde på nytt.
Kor lett er det å få arbeid etter avslutta utdanning?
Behovet for arbeidskraft i dei ulike yrka varierer frå år til år. Derfor bør du ikkje berre velje yrke ut frå kvar det akkurat no er lett å få arbeid. Samtidig er det viktig at du ikkje utdannar deg til arbeidsløyse. Skaff deg så god informasjon du kan, om kva yrke det er behov for.
Kor lang tid tek det før eg kjem i arbeid?
Dersom du vil velje eit av utdanningsprogramma som gjev deg studiekompetanse etter tre år, bør du vere motivert for vidare teoretiske studium. Studieførebuande utdanningsprogram fører nemleg ikkje direkte fram til noko yrke. Det vil seie at det tek lengre tid før du er klar for arbeidslivet.
Kva kan eg vente meg av yrkeskarriere, løn og arbeidsmiljø?
Du er kanskje oppteken av om det er mogleg å «stige i gradane» etter at du har vore tilsett i ein jobb ei stund. Prøv å finne ut kva for moglegheiter som finst i det yrket du kan tenkje deg å velje. Alle vil gjerne tene godt, men trivsel, arbeidsmiljø og opplevinga av at du gjer noko verdifullt, kan ha like mykje å seie for korleis du kjem til å trivast i yrkeslivet.
Du bør også undersøkje korleis arbeidstida er. Er det mykje reising? Er det vanleg med skiftarbeid i det yrket du kan tenkje deg? Er du innstilt på det?
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.