Korleis søkjer du læreplass?
Søk via vigo.no
- Sjølv om du søkjer læreplass på annan måte, må du alltid søkje om formidling til læreplass via vigo.no.
- Søknadsfristen er 1. mars (1. februar for lærekandidatar).
- Hugs å skrive ut kvittering av søknaden.
Logg inn på vigo.no med MinID
MinID er éin av fire elektroniske ID-ar du kan velje mellom når du skal logge inn på offentlege tenester på Internett. Når du skal bruke MinID første gongen, må du identifisere deg med PIN-kode:
- Du får brev med PIN-kodar til MinID i posten ved årsskiftet (dersom du ikkje har brukt MinID tidlegare).
- Hugs passordet ditt til MinID!
- Lær deg fødselsnummeret ditt
- Du treng mobiltelefonen din*
- Ta godt vare på PIN-kodebrevet ditt!
- Treng du hjelp med MinID?
Har du mista PIN-kodane eller gløymt passordet?
Les om å logge inn på vigo.no og hjelp til MinID.
* Har du ikkje mobiltelefon, må du bruke PIN-kodar frå kodebrevet.
Ta kontakt med bedrifter sjølv
På sidene med utdanningsprogramma (f.eks. tømrarfaget) finn du oversikt over kva for lærebedrifter og opplæringskontor som gir opplæring i dei ulike lærefaga. Hugs å velje fylket ditt i nedtrekkslista øvst på vilbli.no (ikkje alle fylke har lagt ut oversikt over opplæringskontor og lærebedrifter).
Mange bedrifter annonserer ledige læreplassar i aviser og på Internett. Du bør følgje godt med og søkje slike læreplassar. Ta gjerne direkte kontakt med bedrifta. Annonserte læreplassar kan du søkje i eller utanfor ditt eige fylke.
Får du avtale om læreplass, må du alltid hugse å sende inn stadfesting frå bedrifta per post til inntakskontoret eller fagopplæringskontoret i fylket ditt.
Dette bør du sjekke før du søkjer
Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, og som regel må du oppfylle dei same krava for å få læreplass. Det kan vere krav om politiattest, krav til syn, hørsel o.l. Du bør derfor lese om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i før du bestemmer deg for kva du vil søkje.
Ver tilgjengeleg på mobiltelefon!
- Formidling til læreplass skjer heilt fram til ca. 1. september.
- Bedriftene ringjer gjerne for å avtale intervju.
- Ver derfor tilgjengeleg på mobiltelefon i heile formidlingsperioden.
Endre opplysningar om deg på vigo.no
- Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no.
- Får du nytt mobilnummer, ny e-postadresse eller ny adresse, må du
- endre opplysningane på vigo.no (før 1. juli i dei fleste fylka).
- melde frå til inntakskontoret (etter 1. juli i dei fleste fylka).
Informasjon frå Møre og Romsdal
Læreplass som 1. ønske
Oversikt over kvalifiserte søkarar blir lagt tilgjengeleg for godkjente lærebedrifter og opplæringskontor. For at namnet ditt skal bli tilgjengeleg må du ha læreplass som 1. ønske på søknaden din.
Det er bedrifta som avgjer kven dei vil ta inn til intervju, på same måte som om du var søkar til ei stilling.
Det er viktig å vise interesse og marknadsføre deg sjølv. Når bedrifta har avgjort kven dei tek inn, opprettar dei lærekontrakt. Fylkeskommunen godkjenner lærekontrakten.
Lærekontrakt bør teiknast innan ein månad etter oppstart i lære. Dersom det er mange søkarar til fag med få læreplassar, kan formidlingsprosessen ta noko tid. Formidlinga held fram utover hausten til alle søkarane har fått eit tilbod.
Vi vil rå deg til å ta imot læreplass når du får tilbod. Du må vere førebudd på å flytte til lærestaden. Fylkeskommunen føreset at du takkar ja til læreplass når du får eit reelt tilbod.
Om du er rettselev og ikkje får læreplass, pliktar fylkeskommunen å gje deg tilbod om alternativ fagopplæring, Vg3 i skole. Dette kan skje i heimfylket eller i andre fylke.