Klagerett
Vedtak om inntak til vidaregåande opplæring er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter føresegnene i forvaltingslova. Det er klagerett på vedtak om ordinært inntak, inntak til eit særskilt utdanningsprogram og vedtak om spesialundervisning.
Du kan klage sjølv eller gi ein annan, til dømes ein av dine føresette eller ein advokat, skriftleg fullmakt til å gjere det for deg. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Klagefristen er tre veker frå du fekk svar på søknaden din.
Den instansen som fattar vedtaket, til dømes inntakskontoret i heimfylket ditt eller rektor ved skolen som du søkjer på, skal gi deg nærmare informasjon om klageretten, kvar du skal sende klagen, kven som skal behandle klagen, osv. Ta gjerne kontakt med inntakskontoret i fylket ditt før du klagar, kanskje misforståingar kan avklarast.
Har du fått eit tilbod om plass, må du svare på dette tilbodet sjølv om du har tenkt å klage. Svarar du ikkje innan svarfristen på om lag ei veke, risikerer du å miste plassen, og det er ikkje sikkert at klagen din blir teken til følgje.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Klage på vurdering av elevar og lærlingar
Det kan klagast på standpunktkarakterar, avgangskarakterar/eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøver. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.
Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldre/føresette til umyndige elevar, lærlingar, lærekandidatar eller privatistar har sjølvstendig klagerett. Ungdom under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra/føresette.
I forskrifta til Opplæringslova, kapittel 5, finn du meir om dette.
Klage på vedtak om inntak
Ein kvar søknad blir vurdert ut frå dei opplysningar og vedlegg som søknaden inneheld. Dersom du er misfornøgd med vedtaket som er gjort, har du rett til å klage.
Klageinstans for desse enkeltvedtaka er Klagenemnda i Møre og Romsdal.
Klagen skal sendast til:
Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetanse- og næringsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde
men stilast til:
Klagenemnda i Møre og Romsdal, Postboks 2500, 6404 Molde.
Andre vedtak som kan påklagast:
Klageinstans for desse vedtaka er Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Klagen skal sendast til:
Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetanse- og næringsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde
men stilast til:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde.
Framgangsmåten ved klage
Klagefristen er 3 veker etter at melding om vedtak er motteke. Klagen skal vere underskriven av søkar eller verje for søkar. Klagen må vere grunngjeven. Eventuelle andre opplysningar som er viktige ved vurdering av klagen, må opplysast om. Vi vil rå deg til å ta kontakt med Kompetanse- og næringsavdelinga før klagen blir sendt inn.
Telefon inntak: 71 28 01 50
Vi har telefontid mellom kl 09.00-11.00 og 12.00-14.00.