Klage på vurdering – lærefag
Som lærling eller lærekandidat kan du klage viss fag-/sveineprøve eller kompetanseprøve vurderast til «Ikkje bestått». Det er ikkje mogleg å klage for å få endra karakteren frå «Bestått» til «Bestått mykje godt».
Når prøvearbeidet vurderast til «Ikkje bestått», kan du klage på to tilhøve:
- Klage på prøvenemnda si faglege vurdering
Klage sendast fylkeskommunen der prøven vart heldt. Klagen blir behandla av ei klagenemnd med medlemmar som ikkje deltok ved førstegongsvurderinga av prøven. Klagenemnda kan avvise klagen, den kan gjere om resultatet frå ikkje bestått til bestått, eller den kan oppheve avgjerda i prøvenemnda og vise deg til ny prøve.
- Klage på formelle feil eller andre ikkje-faglege tilhøve ved prøveavviklinga
Klagen sendast fylkeskommunen og blir behandla av fylkestinget, eller av ein klageinstans som fylkestinget gir fullmakt. Kjem fylkestinget eller klageinstansen fram til at formelle feil kan ha vore avgjerande for prøveresultatet, blir prøvenemnda si avgjerd oppheva. Prøven blir då rekna som ikkje gjennomført, og du har høve til å gå opp til ny prøve så snart som mogleg.
Korleis klager du?
Du kan klage sjølv eller gi ein annan skriftleg fullmakt til å klage på dine vegner. Ein klage skal vere skriftleg og den skal vere underskriven. Ein klage bør alltid grunngjevast.
Du skal få informasjon om klagerett, klagefristar, kva ein klage skal innehalde, kvar den skal sendast, kven som skal behandle den m.m. av fagopplæringskontoret i fylket ditt. Alle vedtektene om klage på vurdering finn du i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.