Innsending av dokumentasjon
Du som er elev i offentleg grunnskole eller offentleg vidaregåande skole i heimfylket ditt når du søkjer, får karakterane direkte overført til inntakskontoret der. Nokre private skolar sender inn vitnemål eller kompetansebevis for sine elevar. Dersom som er elev ved ein privat skole, er du sjølv ansvarleg for å undersøkje om skolen din gjer dette for deg. Andre søkjarar og dei som søkjer plass i eit anna fylke enn heimfylket, må vanlegvis sjølve sende inn dokumentasjonen (stadfeste kopiar av vitnemål, kompetansebevis e.l.) til inntakskontoret. Fylket gir deg nærare informasjon om dette.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.