Fritak for fellesfag i yrkesfagleg opplæring
Dersom du har minst fem års allsidig yrkesfagleg praksis, eventuelt inkludert opplæring i faget og
• er privatist i eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
• følgjer opplæring spesielt organisert for vaksne i eit yrkesfagleg utdanningsprogram
er du friteken frå kravet om fellesfag for å få vitnemål som gjev yrkeskompetanse utan fag-/sveinebrev. Praksisen treng ikkje nødvendigvis vere knytt til sjølve yrkesfaget. Praksis frå andre delar av yrkeslivet vil også telje med.
Høvet til fritak frå fellesfag gjeld ikkje dersom det er knytt spesielle krav om sertifisering til eit utferda vitnemål. Du kan heller ikkje bli friteken for kravet om fellesfag dersom du ønskjer vitnemål som gjev generell studiekompetanse.
Informasjon frå Møre og Romsdal
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.