Flytting



Kjem du rett frå grunnskolen eller er du inne i vidaregåande opplæring, er personopplysningane dine alt registrerte i inntakssystemet. Dersom du har flytta innanfor fylket etter at inntakskontoret innhenta adressa di, må du melde frå til inntakskontoret.

Viss du skal flytte til eit anna fylke før neste skoleår tek til, må du kontakte inntakskontoret både i heimfylket og i det fylket du skal flytte til, for å høyre kva reglar og fristar som gjeld, og kva for dokumentasjon som blir kravd.

Dersom du har rett til vidaregåande opplæring og du og dei føresette flyttar, har du rett til vidaregåande opplæring i det fylket du flyttar til. Skal du flytte til ein føresett som bur i eit anna fylke, vil inntakskontoret i dette fylket krevje stadfesting frå den føresette du flyttar til. Ofte blir det òg kravd ei stadfesting frå den føresette du flyttar frå, på at vedkommande kjenner til flyttinga.

Informasjon frå Møre og Romsdal



Søkarar frå andre fylke enn Møre og Romsdal vil som hovudregel berre få plass dersom det ikkje lenger er søkarar frå Møre og Romsdal på venteliste. Vi gjer spesielt merksam på at det ved dei aller fleste tilboda er vanskeleg å få plass for søkarar som ikkje er folkeregistrert i Møre og Romsdal. Siste frist for å sende inn godkjent flyttemelding frå folkeregisteret er 15. juni.

Du kan konkurrere på lik linje med søkarar frå Møre og Romsdal dersom:

  • Du er under 18 år og flytter til Møre og Romsdal saman med foreldre/føresette:  Det skal leggjast ved dokumentasjon som stadfesting av ny jobb for ein eller begge av foreldra dine, dokumentasjon på kjøp av hus/leilighet eller godkjent flyttemelding frå folkeregisteret innan 15. juni.
  • Dersom du er under 18 år og mor eller far har fast bustadadresse i Møre og Romsdal, vil du bli vurdert som søkar frå Møre og Romsdal. Dette må dokumenterast i eige skjema (se vedlegg) med namn og fødsels- og personnummer på den av foreldra som bur i fylket. Det er ein føresetnad at du skal bu hos den av foreldra som er busett i Møre og Romsdal. Begge foreldra må skrive under på at dei er einige om flyttinga.
  • Du er under 18 år og flytter til Møre og Romsdal saman med foreldre/føresette og søker til fristen 1. februar om inntak med fortrinnsrett eller individuell vurdering: Det skal leggjast ved dokumentasjon som stadfesting av ny jobb for ein eller begge av foreldra dine, dokumentasjon på kjøp/leige av hus/leilighet, eller godkjent flyttemelding frå folkeregisteret ved søknadsfristen 1. februar. 
  • Er du over 18 år og skal flytte til Møre og Romsdal krev vi at du sender oss kvittering frå folkeregisteret på at du har meldt flytting hit. Kvittering frå folkeregisteret må vere oss i hende innan 15. juni.
  • Sjølve søknaden fyller du ut på Internett. Logg deg på med MinID på vigo.no. Vel Møre og Romsdal. Du logger deg på som ny brukar. Alle som har eit gyldig fødselsnummer (11siffer) kan registrere seg som søkar. Under "Tilleggsopplysningar" finn du eit felt "Eg skal flytte til Møre og Romsdal". Der får du 3 val: Eg flytter til mor eller far. / Eg flytter aleine til Møre og Romsdal. / Eg flytter saman med mine foresatte til Møre og Romsdal. Marker eit av desse vala. 
  • Dersom du søker om inntak med behov for fortrinnsrett eller individuell vurdering, må du i tillegg til å registrere søknaden på Internett, også sende inn A-skjema. Ta kontakt med oss på telefon 712 80 150 eller inntak@mrfylke.no vedrørende skjema.
  • Skriftleg dokumentasjon på flytting må sendast som eige vedlegg via eDialog eller Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetanse- og næringsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde


Vedlegg Møre og Romsdal